Fronter er eit Learning Management System (LMS), altså eit datasystem som er utvikla med tanke på å legge til rette for nettstøtta- eller nettbasert undervisning.
Les meir på Fronter si nettside: http://www.fronter.no/
Fronter krev ingen ekstra programvare på PC-en utover nettlesar - alt i Fronter går føre seg i nettlesar. Men for å lese ulike typar dokument, treng du særskilt programvare installert på PC-en. Dette kan typisk vere Microsoft Word aller Adobe Acrobat Reader.
Høgskulen i Volda nyttar Novell Groupwise e-postsystem for tilsette og studentar.
Ingen "ofte stilte spørsmål" er registrert for Studentweb.
Studentweb er studentane sitt innsyn i og verkty mot Høgskulen i Volda sitt studieadministrative system.
Her kan ein sjå karakterar, melde seg av og på eksamen og emne, med meir. Sørvistorget svarar på alle spørsmål som gjeld Studentweb og kan rettleie i bruken av verktyet.
Manglar du pinkode? Pinkoden til Studentweb finn du på giroen for betaling av semesteravgift.
Manglar du giro for betaling av semesteravgift? Nye studentar hausten 2007 får tilsendt giro i posten. Studentar i fleirårige løp finn opplysningar om giroen i Studentweb under "Betaling", iløpet av juni.
Sørvistorget hjelper med studieadministrative spørsmål Kontakt: Sørvistorget, 1. etg. i
Ope kvardagar 09:00-15:00. Tlf: 70 07 50 18. [sorvistorget@hivolda.no]
Sørvistorget
Treng du hjelpe med studieadministrative spørsmål er Sørvistorget staden.
Her får du svar på spørsmål om opptak, eksamen, Studentweb eller Fronter.
Orakeltenesta er ei brukarstøtteteneste innan IT for alle studentar ved Høgskulen i Volda. Alt som gjeld bruk av PC i Volda, kan du få hjelp til av Orakelet.