|
Alle studentar som er tatt opp på eit bachelor- eller mastergradsstudium skal legge inn emna for neste semester i utdanningsplanen sin, i god tid før inneverande semester er avslutta. Studentane skal sjølve registrere emna sine direkte på Studentweb.
Registreringa gjeld både obligatoriske, valbare (innan studieprogrammet) og valfrie (frå andre studieprogram) emne. Dei obligatoriske emna blir automatisk innvilga, medan dei andre emna går gjennom ein søknadsprosedyre der studenten etterkvart vil få fram ei melding i utdanningsplanen sin om emnet er innvilga eller ikkje Studentane kan i enkelte tilfelle endre på rekkefølgja mellom obligatoriske og valbare/valfrie emne, samt legge inn tilleggsemne utover 30 studiepoeng pr.semester.
Dette er altså ei førehandspåmelding til emne i haustsemesteret 2005. I perioden 15. juli til 15. september må du logge deg inn i Studentweb på nytt for endeleg stadfesting av utdanningsplanen. Stadfesting kan berre gjerast etter at semesteravgifta er betalt.
Klikk på lenkene under for å få fram oversikt over valbare/valfrie emne for hausten 2005.
Emnevalliste bachelor.xls
Emnevalliste master.xls
Det kan kome fleire moglege valbare emne i løpet av sommaren. Dei vil bli publiserte i studieplanar/emnetabellar i studiehandboka på nettet. Du kan justere utdanningsplanen fram til registreringsfristen 1. september.
Gå til Studentweb
|