Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Lenker
 Læringsmiljø
 Sosialrådgjeving
 Studentprest
 Helsestasjon

 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider


Studie, jobb og karriererettleiing >> Ta kontakt med studierettleiaren

For studentar / Rettleiing og rådgjeving / Helsetilbod for studentar /

Helsetilbod for studentar

Helsestasjon

Sidan 2005 har vi hatt Helsestasjon for studentar ved Høgskulen i Volda.
Tenesta er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet, Volda kommune ved Helsestasjonen, Studentsamskipnaden for Sunnmøre og høgskulen. Mål: Auka kunnskap om seksuelt overførbare sjukdomar og bruk av prevensjon i målgruppa. Du kan også få informasjon og rettleiing i forhold til kropp, seksualitet og  prevensjon.

Frå studiestart i august vil helsesøster/jordmor vere tilstades kvar måndag i Lettbygget ved Høgskulen. Annankvar fredag vil lege vere tilstades frå kl 12.00 – 15.00.
(Finn Lettbygget på kartet)

Du får tilbod om:

  • Testing for klamydia
  • Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
  • Utdeling av gratis kondomar
  • Hjelp til å bestille time hos fastlege (ordne med fastlege)
  • Uformell samtale om  kropp, seksualitet og prevensjon

Bilde som viser helsesøster

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med helsesøster Mari Heltne på helsestasjon@hivolda.no eller 
telefon
70 07 53 75.

www.hivolda.no/helsestasjon


Fastlege i Volda - ny ordning frå 1. januar 2007

Volda er vertskommunen din medan du er student i Volda, og legesenteret kan tilby fastlege også til studentane.
I Volda er allmennlegetenesta samla i eit legesenter med åtte faste legar (to kvinner).
Alle har rett på akutt legehjelp i Volda kommune, men alt som ikkje er akutt, t.d. blodprøvetaking og reseptskriving skal gjerast der. Om du ikkje har fastlege i Volda, vil du ikkje ha rett på anna enn akutt legehjelp her. Ver merksam på at det er ventetid på time for ikkje akutt sjukdom (for tida 1-6 veker).

Har studentar behov for lege?

Vi har røynsle for at også friske vanlege ungdommar søker lege både for akutte sjukdommar og av rutineprega grunnar. Døme på det siste er for prevensjon, reseptar for p-piller, oppfølging av kontrollar etter akutt sjukdom (urinvegs- og luftvegsinfeksjonar) osb.

Men eg har lege på heimstaden!

Du treng ikkje melde flytting for å få fastlege i Volda. Dersom du seinare ynskjer å velje tilbake til den legen du hadde før du flytta hit, har du rett til slikt bytte innan 3 år.

Korleis bytte?

Du kan skifte fastlege på internett www.nav.no eller ringe fastlegetelefonen 810 59 500.
Ta eventuelt kontakt med tidlegare lege for å be om overføring av journal til Volda. Adressa til legesenteret:
Volda legesenter, Postboks 253, 6101 Volda.

 


 



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Aktuelt for studentar
Eksamensplan haust 2007
15.10.2007

Alle studentar må sjekke e-post frå Høgskulen
21.03.2007


 Studentaktivitetar

Studenttinget i Volda

Studenthuset Rokken

www.veka.no

www.dokfilm.no  |  Den norske dokumentarfilmfestivalen

> Lag og organisasjonar

 Studentmedia
Nærnett
Næravisa
Studentradioen
Volum filmklubb
Oppdatert av Ingunn Nordal 27.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning