|
Kontaktpersonar for studentar med funksjonshemming Har du ei funksjonshemming som gjer det vanskeleg for deg å gjennomføre studia utan tilrettelegging? Ta kontakt med oss, så hjelper vi gjerne. Kontaktpersonar
Sørvistorget Du finn sørvistorget i Berte-Kanuttehuset, rett innanfor den austlege inngangen. Kontoret har ope innanfor arbeidstida, og er bemanna kvar vekedag frå 09.00 til 15.00. Du kan også kontakte oss på på telefon 70 07 50 18 eller sorvistorget@hivolda.no. For spørsmål om studieløp, oppmelding, karakterutskrift, semesterkort eller liknande kan du ta kontakt med oss.
Studierettleiing Studierettleiing om studiet ditt får du på institutt/seksjon (sjå oversikta over studierettleiarar under). Meir generell studierettleiing får du hos studierettleiar Ingunn Teigen Nordal, tlf. 70075290. Les meir på sida til studierettleiaren
Når det gjeld spørsmål om utanlandsopphald, kan du kontakte internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen, 3. etg. i Berte Kanutte. Det kan vere lurt å avtale tid på førehand, anten på mail, cw@hivolda.no eller på telefon 70 07 51 20.
| Rådgjevingsteneste for studentar |
| I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand. Til studentrådgjevaren kan du komme med alle slags spørsmål og problemstillingar. Les meir her. |
Studierettleiing (faglege spørsmål) Vil du ha rettleiing knytt til studiet du går på, eller ynskjer å vite meir om detaljar ved andre studium hos oss? Denne typen spørsmål får du vanlegvis best svar på hos studieprogramansvarleg. Kven det er, finn du i studieplanen, sjå link.
« Tilbake
|