|
Kva kan eg hjelpe deg med?
- Forklare om oppbygging av ein bachelor- eller mastergrad
- Gje deg oversikt over våre studium
- Rettleie om opptakskrav og kvalifikasjon for studia våre
- Tenke høgt saman med deg om kva du kan passe til, korleis du kan legge opp dine studium
- Rettleie om korleis du kan bruke tidlegare utdanning til å få ein grad eller ei utdanning
- Informere om regelverk som gjeld innpassing av utdanning m.m.
- Hjelpe deg på vegen i informasjonsjungelen og vise vidare til dei du bør snakke med, dei nettsidene som kan hjelpe deg og andre informasjonskanalar
Nyttige linker Vår eigen studieinformasjon Regelverk, t.d. bachelorforskrift Sosialrådgjeving for studentar Krav til kompetanse for å undervise Kart over høgare utdanningsinstitusjonar Den offisielle norske utdanningsportalen Utdanning.no Samordna opptak, med info om studiekompetanse m.m NAV sine rettleiingssider Kaleidoskopet- magasin om karrierevalg og yrker
Døme på vanlege spørsmål:
- Eg likar å jobbe med barn. Kva studium har de som passar for meg?
- Korleis byggjer eg opp ein bachelorgrad?
- Kva krevst for at eg skal kunne undervise?
- Er eg studiekvalifisert?
- Eg har studert fleire fag, men kva skal eg bli?
Ta kontakt med studierettleiar Ingunn Teigen Nordal, tlf. 70 07 52 90. Kontor: Ved sørvistorget i 1. etg. Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda
« Tilbake
|