Studium og gradsstruktur
Høgskulen i Volda har eit omfattande tilbod av studieprogram. Dette gjeld årsstudium, treårige bachelorgradsstudium og toårige mastergradsstudium som byggjer på bachelorgradsstudia. I tillegg gir vi fireårig yrkesutdanning som allmennlærar. Høgskulen i Volda har også mange og varierte tilbod for vidareutdanning både på lågare og høgare grads nivå.
Studielengd Oppnådd grad Nivå Studiepoeng Yrkesutdanning Mastergrad Bachelorgrad Årstudium
5. år
↑
←300
4. år
Høgare grad
240 →
Allmennlærar
3. år
Lågare grad
←180
2. år
↓
120
1. år
60
Eit studieprogram er normalt eit eitt- eller fleirårig studieløp som fører fram til ein avsluttande eksamen eller grad, og med eit definert innhald i ein studieplan. Studielengda er bestemt ut frå kva grad/utdanning dei skal føre fram til. Eit studieprogram kan innehalde eitt eller fleire emne.
Årsstudium – lågare grad (60 stp.)
Høgskulen i Volda har 16 årsstudium som er utlyste i Samordna opptak. Nokre av årsstudia kan takast på deltid, og då i løpet av to år. Eit årsstudium kan vere avsluttande i seg sjølv, brukast som vidareutdannning eller det kan vere ein del av ein bachelorgrad.
Treårige bachelorgradar – lågare grad (180 stp.)
Eit bachelorgradsstudium er treårig og gir 180 studiepoeng. Somme av bachelorgradsstudia har ei fast oppbygging. I andre bachelorgradar er det opning for større fridom i val av emne, etter at du har gjennomført den første delen av studiet. Høgskulen i Volda tilbyr 15 bachelorgradsstudium i Samordna opptak.
Toårige mastergradar – høgare grad (120 stp.)
Høgskulen i Volda har 5 mastergradsstudium. Mange av bachelorgradsstudia våre dannar grunnlag for opptak til mastergradsstudia. Studia kan takast på heiltid eller deltid, og då helst i løpet av fire år. Du søkjer om opptak direkte til høgskulen. Graden master oppnår du på grunnlag av mastergradseksamen av 120 studiepoengs (2 år) omfang, inkludert sjølvstendig arbeid (mastergradsoppgåva).
Fireårig allmennlærarutdanning - yrkesutdanning (240 stp)
Vi tilbyr fireårig allmennlærarutdanning som kvalifiserer for undervisning i alle fag i grunnskulen. Studiet er sett saman av 120 stp obligatoriske fag og 120 stp valfrie fag. Dersom du vel nødvendig fordjuping i tredje studieåret, kan du ta til på eit toårig mastergradsprogram i det fjerde studieåret, t.d. spesialpedagogikk. Du søkjer om opptak til allmennlærarstudiet i Samordna opptak.
Vidareutdanning – lågare og høgare grad
Vidareutdanningar er vanlegvis studieprogram på mindre enn 60 studiepoeng, og er tilpassa for at ein skal kunne ta deltidsutdanning t.d. i kombinasjon med jobb. Dei fleste vidareutdanningane er sette saman av eit eller fleire emne frå dei fleirårige studieprogramma, slik at du enkelt kan byggje vidare på dette om du seinare ynskjer å studere meir.
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 2009-04-01 09:50:16 | Publisert med NetEd : Publish



