Rettleiing og rådgjeving til studentar

Kontaktpersonar for tilrettelegging av studium
Vi arbeider med å legge til rette slik at studia våre skal vere tilgjengelege for flest mogeleg. Likevel kan nokre oppleve problem med å gjennomføre studium eller eksamen utan tilrettelegging. Ta kontakt med oss, så hjelper vi gjerne. Du finn namn på kontaktpersonar for ulike fag her: Kontaktpersonar

Sørvistorget
Du finn sørvistorget i Berte-Kanuttehuset, rett innanfor den austlege inngangen. Vi hjelper deg med spørsmål om studieløp, oppmelding, karakterutskrift, semesterkort og mykje meir. Kontoret har ope heile studieåret frå 9.00 til 15.00. Måndag opnar vi 9.30 grunna internt møte.
Du kan også kontakte oss på på telefon 70 07 50 18 eller mail til sorvistorget@hivolda.no.

Studierettleiing
Studierettleiing om studiet ditt får du direkte hos dei faglege kontaktene (sjå link under studierettleiing om faglege spørsmål). Meir generell studierettleiing får du hos studierettleiar Ingunn Teigen Nordal, tlf. 70075290.
Les meir på sida til studierettleiaren

Når det gjeld spørsmål om utanlandsopphald, kan du kontakte internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen, 3. etg. i Berte Kanutte. Det kan vere lurt å avtale tid på førehand, anten på mail, cw@hivolda.no eller på telefon 70 07 51 20.


Rådgjevingsteneste for studentar
I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand. Til studentrådgjevaren kan du komme med alle slags spørsmål og problemstillingar. Les meir her.

Studierettleiing om faglege spørsmål
Vil du ha rettleiing knytt til studiet du går på, eller ynskjer å vite meir om detaljar ved andre studium hos oss? Denne typen spørsmål får du vanlegvis best svar på hos fagleg kontakt for kvart studium. Kven det er, finn du i studiekatalogen, sjå link.


« Tilbake

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 2008-12-16 18:02:52 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Kontakt oss

Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

Tlf.:70 07 50 00
Faks:70 07 50 51

 postmottak@hivolda.no