Fronter er eit Learning Management System (LMS), altså eit datasystem som er utvikla med tanke på å legge til rette for nettstøtta- eller nettbasert undervisning.
Les meir på Fronter si nettside: http://www.fronter.no/
Fronter krev ingen ekstra programvare på PC-en utover nettlesar - alt i Fronter går føre seg i nettlesar. Men for å lese ulike typar dokument, treng du særskilt programvare installert på PC-en. Dette kan typisk vere Microsoft Word aller Adobe Acrobat Reader.
Ingen "ofte stilte spørsmål" er registrert for Studentweb.
Studentweb er studentane sitt innsyn i og verkty mot Høgskulen i Volda sitt studieadministrative system.
Her kan ein sjå karakterar, melde seg av og på eksamen og emne, med meir. Sørvistorget svarar på alle spørsmål som gjeld Studentweb og kan rettleie i bruken av verktyet.
Manglar du pinkode? Pinkoden til Studentweb finn du på giroen for betaling av semesteravgift.
Manglar du giro for betaling av semesteravgift? Nye studentar hausten 2007 får tilsendt giro i posten. Studentar i fleirårige løp finn opplysningar om giroen i Studentweb under "Betaling", iløpet av juni.
På denne nettsida kan du logge på mange av Høgskulen i Volda sine tenester. Du vel teneste frå "arkfanene" og skriv inn informasjonen som trengs(brukarnamn,passord, etc.). Legg merke til at du finn svar på ofte stilte spørsmål, samt kontaktskjema, under kvar fane.
Tenestene du ser under denne teksten går på tvers av Fronter, e-post, studentweb og er difor samla under denne fana.
Du må gi opp brukarnamn og passord for å få fram di pin-kode:
Du vert sendt til kontoopprettingssida.
Du kan oppgi nytt passord på slutten av prosessen, utan å måtte lage ny konto.
1. Vel språk / Choose language:
Her kan du legge til utskrifter. NB: Kvota di er tom til du har kjøpt deg printerkvote på Hustrykkeriet.
Om du oppdagar feil ved noko av Høgskulen i Volda sitt utstyr, nøl ikkje med å gje oss melding. Vi treng fyljande opplysningar:
Sørvistorget hjelper med studieadministrative spørsmål Kontakt: Sørvistorget, 1. etg. i
Ope kvardagar 09:00-15:00. Tlf: 70 07 50 18. [sorvistorget@hivolda.no]
Orakeltenesta
Orakeltenesta er ei brukarstøtteteneste innan IT for alle studentar ved Høgskulen i Volda. Du finn oss på kontoret som ligg i Berte Kanutte (BK 3.etg.). Telefonnummeret i kontortida er: 70 07 50 22.
Kontortider for Orakel:
Måndag-Onsdag: 14.00 - 17.00
Fredag: 14.00 - 16.00
Dersom du av ulike grunnar skulle ha behov for hjelp utanom desse kontortidene kan du sende eit elektronisk brev til orakel@hivolda.no