|
Studentane i Volda er svært aktive innan organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar. Organisasjonslivet er rikt med mange lag og foreningar: mange kor og orkester, idrettslag, kunst- og konsertlag, museum, kino og nærradio i Volda. Det er rimeleg å bu her, og du finn høgskolen, sentrum og dei fleste velferds- og kulturtilboda i gangavstand frå der du bur.
Bur billig Nasjonale undersøkingar gjennomført kvart år viser at studentane i Volda har blant de lavaste buutgiftene i landet. Det er noko å tenkje på når studielånet skal betalast! Sjå lenke til Samskipnaden for Sunnmøre til venstre.
Gode minner Livet er meir enn studium. Mange av studentane har gode minner frå ei scene, ein idrettshall eller en tur til ein av dei flotte tindane i fjellheimen. Du har mange høve til å delta og oppleve konsertar, teater, dans, idrett, frilufts- og hybelliv på fritida.
Vakker natur Volda har vakker natur med fjordar, øyer og høge fjell. Her kan du utfolde deg med sjø- og båtliv, elver og fiske, fjellvandring, skisport, eller andre former for idrett og friluftsliv. Her er også alpinanlegg med lysløype.
Føl deg trygg på jobb! Høgskulen i Volda har etablerte og trygge utdanninger som gir arbeid og fleksibilitet. Du kan kombinere fleire utdanningar og fag frem til ein bachelor- eller mastergrad. Du kan også byggje vidare på med fag ved andre høgskuler og universitet.
Kommunikasjon Mellom Volda og Ørsta ligg Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden. Her er det fleire daglege flygningar til Oslo, Bergen, Sogndal og Sandane. Volda har også bussamband med NSB-stasjonen på Åndalsnes, Ålesund Lufthavn, Vigra og buss direkte til Bergen, Oslo og Trondheim. |
 |
|