|
Informasjon frå Lånekassa For meir informasjon, sjå Lånekassa på nettet: www.lanekassen.no
No kan du ta i bruk Lånekassa sin nettsøknad for studieåret 2004–2005!
Enkel og sikker utfylling Utfyllinga er enklare på nettet. Du får berre spørsmål som er relevante for deg, og det er ikkje mogleg å gløyme noko i utfyllinga av nettsøknaden. Dersom du må dokumentere noko i søknaden, får du melding om det. Du kan sende dokumentasjonen som eit elektronisk vedlegg til nettsøknaden, eller du kan ettersende den.
Du må ha studieplass Så snart du har fått studieplass, kan du sende søknaden din om stipend og lån via nettet. Finn du ikkje den utdanninga du skal ta i oversikta på nettsøknaden, må du bruke papirblanketten og sende den inn via høgskulen.
Sjekk resultatet på www.lanekassen.no Nokre dagar etter at søknaden er sendt over nettet, kan du sjekke ”Dine sider” på www.lanekassen.no om søknaden din er handsama og kor mykje pengar du får.
Pengane kjem til høgskulen Dess tidligare du søkjer, dess større er sjansen for at utbetalinga er klar ved semesterstart. Svaret på søknaden blir sendt til høgskulen, og du må personleg hente det der. Dersom du er ute i praksis eller er student på eit studium utan undervisning i Volda, kan du få studielånet ditt tilsendt. Kontakt oss på studentkontoret@hivolda.no .
|