Kap. I - Hovudreglar

1 STØTTEFORMER

1.1

Hovudformene for støtte frå Lånekassen er lån og utdanningsstipend. Det kan også bli gitt reisestipend.

1.1.1

Det går fram av kap. II og kap. III korleis støttebeløpet blir utrekna.

1.2

Det kan bli gitt andre former for støtte, sjå kap. IV og V.

1.3

Ved visse utdanningar kan lån bli ettergitt etter nærare reglar, sjå kap. VIII.

2 ALDER OG BUFELLESSKAP

2.1

Det gjeld ulike reglar for tildeling av støtte til søkjar over og under 19 år. Som søkjar under 19 år blir rekna søkjar som er fødd i 1983 eller seinare.

2.1.1

Søkjar under 19 år som er gift, har vore gift eller har barn å forsørgje, og som bur saman med barnet, får støtte etter dei same reglane som gjeld for søkjar over 19 år.

2.1.2

Søkjar i høgre utdanning som har fylt 18 år før 1. januar 2002, får støtte etter dei same reglane som gjeld for søkjar over 19 år.

2.1.3

Søkjar fødd i 1982 som har fått utsett skolestarten, eller som har teke eit år i grunnskolen om igjen etter sakkundig vurdering, kan få støtte etter dei same reglane som gjeld for søkjar under 19 år. Det same gjeld søkjar fødd i 1982 som går eit fjerde år i vidaregåande opplæring, og som har gått eit år om igjen på grunn av sjukdom eller etter sakkunnig vurdering.

2.1.4

Søkjar fødd i 1981 eller 1982 som har utvida rett til vidaregåande opplæring på grunn av særleg opplæringsbehov, kan få støtte til vidaregåande opplæring etter dei same reglane som gjeld for søkjar under 19 år.

N
Fremmedspråklige elever som tar grunnkurs over to år kommer inn under dette punktet.


2.1.5

Søkjar fødd i 1982 som tek folkehøgskole som det siste året i eit fireårig løp, får utdanningsstipend etter kap. II og anna utdanningsstøtte etter reglane og satsane i kap. III.

Det same gjeld desse søkjarane som tek folkehøgskole direkte etter fullført vidaregåande opplæring:

søkjar som er fødd i 1981, og som har fått utsett skolestart eller har teke eit år i grunnskolen om igjen etter sakkunnig vurdering, søkjar fødd i 1981 som har gått fire år i vidaregåande opplæring på grunn av sjukdom eller etter sakkunnig vurdering, og søkjar fødd i 1980 eller 1981 som har utvida rett til vidaregåande opplæring på grunn av særleg opplæringsbehov.

2.2

Sambuarar som har felles barn, blir behandla som gifte frå og med det semesteret dei får barn.

N
Samboere likestilles med ektefeller når de har felles barn. Dette gjelder alle kapitlene i regelverket.


2.3

Registrerte partnarar blir behandla som gifte frå og med det semesteret partnarskapen blir registrert.

2.4

Søkjar som har fylt 65 år før 1. januar 2002, kan ikkje få støtte.

3 KVA SLAGS UTDANNING DET KAN BLI GITT STØTTE TIL

3.1

Det kan bli gitt støtte til vidaregåande opplæring og høgre utdanning ved offentlege utdanningsinstitusjonar. Støtte kan også bli gitt til lærlingar som har godkjend lærekontrakt. Til utdanning ved private

utdanningsinstitusjonar kan det bli gitt støtte dersom utdanninga tilfredsstiller dei faglege krava som blir stilte til vidaregåande utdanning i lov av 14. juni 1985 – privatskulelova, §§ 4 og 5, eller dei krava som blir stilte til eksamensrett i lov av 11. juli 1986 – privathøyskoleloven, § 9. Det kan også bli gitt støtte til kompetansegivande utdanning ved studieforbund som er godkjende etter voksenopplæringsloven § 10. Det same gjeld utdanning ved dei frie fjernundervisningsinstitusjonane som er godkjende etter voksenopplæringsloven § 11. Sjå punkt 4.4.

3.1.1

Spørsmål om støtte til utdanning ved private utdanningsinstitusjonar som det ikkje er gitt støtte til tidlegare, bør skolen ta opp med Lånekassen eitt år før det undervisningsåret søknaden gjeld for. Søknaden blir behandla i samråd med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

3.1.2

Det kan bli gitt støtte til ulike førebuande kurs som er lagde opp med repetisjon av fag frå grunnskolen for å gi betre grunnlag for opptak i grunnkurs i vidaregåande opplæring.

3.1.3

Kva slags utdanning det kan bli gitt støtte til i land utanfor Norden, blir regulert i kap. V. Sjå og kap. I, punkt 8. Om støtte til utdanning i Norden, sjå kap. I, punkt 6 og 7.

3.1.4

Til studieopphald i andre nordiske land under NORDPLUS-ordninga kan det bli gitt støtte etter kap. II og kap. III. Til studieopphald i utlandet etter ERASMUS-ordninga og til studieopphald gjennom LEONARDO-programmet som varer i minst tre månader, kan det bli gitt støtte etter kap. V.

N
Utenlandsk statsborger som kan få støtte etter reglene i kap. I, pkt. 5.3 eller 5.4, kan gis støtte til studieopphold under ERASMUS-ordningen, NORDPLUS-ordningen og LEONARDO-programmet for det tidsrom som gjelder for det enkelte opplegg.


N
For at søkere i ERASMUS-ordningen skal kunne gis støtte, er det en forutsetning at de har opptak ved norsk lærested og at ERASMUS- oppholdet gir kompetanse som ledd i utdanningen i Norge.

3.1.5

Når norsk lærestad som har fått høgre utdanning godkjent for støtte etter punkt 3.1 legg heile eller delar av utdanninga til utlandet, kan deltakarane få støtte etter dei reglar og satsar som gjeld for studiar i Noreg.

3.1.6

Det kan bli gitt støtte til berre ei utdanning om gongen.

N
Dette gjelder fulltidsutdanning. Det kan gis støtte til flere deltidsutdanninger, forutsatt at en av dem er på minst 50% studiebelastning (opptil 100%).


3.2

Det kan ikkje bli gitt støtte til

3.2.1

utdanning ved militære skolar

3.2.2

etatsopplæring eller bedriftsintern opplæring

3.2.3

ulike opplæringskurs som blir sette i gang av, eller i samråd med, arbeidsmarknadsetaten, når det faglege innhaldet ikkje utgjer fulltids kompetansegivande utdanning som det kan bli gitt støtte til

N
Forutsetningene for at det faglige innholdet skal anses å være i samsvar med annen støtteberettiget utdanning er:
- Kurset må tilsvare et grunnkurs eller et videregående kurs innen ordinær
videregående utdanning.
- Kurset må føre frem til offentlig eksamen ved endt utdanning, og det skal
utstedes årskursbevis som svarer til årskursbevis for støtteberettiget utdanning.


3.2.4

utdanning ved flyskolar i utlandet

3.2.5

utdanning ved lærestader der kostnadene med skolepengar, eksamensavgifter, materiell o.l. er svært høge, dersom det ikkje er særleg behov for utdanninga

N
Godkjente opplegg hvor skolepengene øker sterkt, må vurderes på nytt.


3.2.6

søkjar som er teken opp i eit doktorgradsstudium i Noreg etter 15. august 1995. Det kan likevel bli gitt støtte til doktorgradsstudium i utlandet og til søkjar som får støtte etter kap. X, punkt 4.3.

4 KORLEIS UTDANNINGA MÅ VERE LAGD OPP

4.1

Utdanninga må til vanleg vere lagd opp som reglementert fulltidsutdanning. Høgre utdanning, lågare grad, må ha eit undervisningsopplegg på minst 6 timar per veke. Utdanning som ikkje er på nivå med høgre utdanning må ha eit undervisningsopplegg på minst 20 timar per veke. Til opplegg i regi av oppfølgingstenesta i fylkeskommunen kan det bli gitt støtte når undervisningsopplegget er på meir enn ein tredel av timetalet frå eit kurs.

4.2

Det kan bli gitt støtte til deltidsutdanning som omfattar minst 50 prosent av undervisningsopplegget i reglementert fulltidsutdanning. Dersom deltidsutdanninga ikkje blir tilbode som fulltidsutdanning, blir det teke utgangspunkt i krava om antall undervisningstimar i punkt 4.1. Ved tilbod om komprimert deltidsutdanning kan færre undervisningstimar godtakast, men ikkje under 3 timar ved høgre utdanning, lågare grad, eller 6 timar for utdanning på nivå under høgre utdanning.

Om rentebelastning på lån som det er skrive ut betalingsplan for, sjå kap. VI, punkt 6.1.1.

N
Årsblokkene i kap. I, punktene 10.4, 10.5 og 10.6, utvides ikke ved deltidsutdanning.


4.2.1

For deltidsutdanning blir støttebeløpet rekna til halvparten, to tredelar eller tre firedelar av støttebeløpet til fulltidsutdanning.

N
Til skolepenger og eventuelt ekstra materiell kan det gis lån for de faktiske utgifter, men øvre grense settes lik deltidsprosenten av det beløp som er satt som grense i forskriftene.

4.2.2

Ved deltidsutdanning blir det til vanleg ikkje gitt støtte til forseinking

4.3

Fulltidsutdanning må vare i minst tre månader. Deltidsutdanning må vare i minst fem månader. Det kan bli gjort unntak når utdanninga har samanheng med yrket eller den tidlegare utdanninga til søkjaren.

4.4

Det kan bli gitt støtte til fjernundervisning som er tilrettelagd som fjernundervisning ved ein norsk lærestad, og som gir godkjend kompetansegivande utdanning. Fjernundervisninga må vere følgd opp av samlingar eller anna form for oppfølging frå lærestaden kvart semester. Utdanning som blir tilboden som fjernundervisning av eit universitet, ein vitskapleg eller statleg høgskole, må tilsvare studieopplegg godkjent av departementet. Utdanning som blir tilboden som fjernundervisning av ein privat høgskole eller ein frittståande fjernundervisningsinstitusjon, må ha eksamensrett eller vere identisk med utdanningstilbod som er godkjent for støtte etter punkt 3.1. Vidaregåande opplæring som blir tilboden som fjernundervisning av ein offentleg vidaregåande skole, må vere godkjend av fylkeskommunen. Vidaregåande opplæring som blir tilboden som fjernundervisning av ein privat skole eller ein frittståande fjernundervisningsinstitutsjon, må vere lagd opp etter ein offentleg godkjend læreplan.

Fjernundervisninga må ha eit omfang som tilsvarer minst 50 prosent av fulltidsopplegg.

N
Dersom søkeren oppholder seg i utlandet, gis støtten likevel etter norske satser.



5 STATSBORGARSKAP

5.1

Søkjaren må vere norsk statsborgar.

N
Dersom søkeren har endret statsborgerskap siden forrige søknad, må dette dokumenteres.


5.1.1

Utanlandsk statsborgar som har hatt arbeid i Noreg og har opparbeidd sosiale rettar her som følgje av avtalen om europeisk samarbeid (EØS-avtalen), kan få støtte til utdanning etter dei same reglane som gjeld for norsk statsborgar, i den grad det følgjer av avtalen. Det same gjeld barn, ektefelle, partnar etter partnarskapsloven og sambuar med felles barn til slik utanlandsk statsborgar. Som barn blir her rekna søkjar under 21 år.

N
Retten til støtte gjelder EØS-borger som har status som arbeidstaker i Norge. Som arbeidstaker regnes bare den som har arbeid som hovedhensikt med oppholdet inntil utdanningen påbegynnes. Status som arbeidstaker bevares dersom søker begynner i fulltids utdanning. Det gis derfor ikke støtte til deltidsutdanning. Deltidsarbeid godtas ikke som tilstrekkelig til å opparbeide status som arbeidstaker. Egen næringsvirksomhet godtas som likestilt med et arbeidsforhold.

Som veiledende nedre grense for varigheten av arbeidsforholdet i Norge forut for utdanningen er satt 3 måneder.

Det er et krav for støtte etter EØS-reglene at det er en faglig sammenheng mellom arbeidet i Norge og utdanningen det søkes til. Det kan også gis støtte til utdanning i forbindelse med omskolering som følge av ufrivillig arbeidsledighet (oppsigelse eller permittering). Det gis støtte til yrkesutdanning på videregående eller høgre utdannings nivå.

Det stilles ikke krav om sammenheng mellom arbeid og utdanning når det gjelder støtte til barn og ektefelle/samboer/partner av arbeidstaker fra EØS-land. Barn har rett til støtte etter disse reglene bare når de ikke har fylt 21 år og fortsatt er forsørget av arbeidstakeren før de begynner på utdanningen. Men de beholder denne rettigheten også når de kommer over aldersgrensen 21 år, dersom de fortsatt bor i Norge og hele tiden har vært i utdanning.

5.2

Statsborgar frå anna nordisk land får støtte etter dei felles nordiske reglane i punkt 7.

5.3

Det kan bli gjort unntak frå regelen i punkt 5.1 for statsborgar frå land utanfor Norden som tek utdanning i Noreg, og

N
Søker under aldersgrensen: Foreldrenes ligningsdata nyttes hvis de har vært her så lenge at ligningsdata kan skaffes. Hvis foreldrene har kommet til Norge etter ligningsåret, legges nåværende inntekt til grunn.

5.3.1

har komme til landet av politiske eller humanitære grunnar. Søkjaren må ha fått asyl i Noreg eller ha anna form for opphaldsløyve

N
Utlendingsdirektoratets vedtaksbrev som viser fremmedrettslig status, eller kopi av reisebevis, må foreligge.


N
Søker med oppholdstillatelse på humanitært grunnlag gis støtte etter dette punktet, men kan ikke tildeles flyktningstipend.


N
Oppholdstillatelse kan gis med tidsbegrensning. Hvis oppholdstillatelsen utløper i løpet av et semester, kan støtte gis for hele det semesteret.


N
Asylsøkere som venter på avgjørelse, kan ikke tildeles støtte fra Lånekassen.

5.3.2

har hatt samanhengande fulltidsarbeid i Noreg i minst tolv månader like før skoleåret, og har betalt skatt til Noreg i denne perioden

N
Arbeid på norsk skip godtas på linje med arbeid i Norge.


N
Praktikantarbeid (inkl. au-pair) kan godtas. Frikort eller registrering som arbeidstaker i Arbeidstakerregisteret godtas på linje med betalt skatt.


N
Søker som har fått støtte til en utdanning etter punkt 5.4.1, opptjener ikke rett til støtte etter punkt 5.3.2.


N
Dersom søkeren har kombinert deltidsarbeid med f.eks. deltidsutdanning (minst 50%), bør normalt tre år kunne godtas dersom søkeren dokumenterer sammenhengende opphold i Norge i denne tiden. Vanlig fire ukers ferie medregnes. Samme treårsgrense gjelder ved dokumentert arbeidsledighet i Norge og omsorgsarbeid for egne barn.


5.3.3

har teke utdanning i Noreg dei tre siste åra med tilfredsstillande fagleg framgang utan støtte frå Lånekassen

N
Fullført norskkurs og innføringskurs for fremmedspråklige elever teller som del av de tre år søkeren har tatt utdanning i Norge.


5.3.4

er gift med norsk statsborgar, og begge bur i Noreg. Sjå punkt 2.2

N
Søker som har fått rett til støtte etter denne regelen beholder retten, selv om ekteskapet oppløses.


N
Søker som er separert fra norsk statsborger, regnes fortsatt som gift og kan få støtte etter denne regelen.


N
Søker som tidligere har vært gift med norsk statsborger, vurderes etter kap. I, punkt 5.3.2 eller 5.3.3. I denne sammenheng sidestilles omsorgsarbeid i hjemmet med fulltidsarbeid. Med omsorgsarbeid menes omsorg for barn under 10 år eller omsorg for uføre eller eldre med pleiebehov i nærmeste familie.


5.3.5

har fått opphaldsløyve som barn eller barnebarn under 19 år til norsk statsborgar som bur i Noreg og forsørgjer søkjaren

N
Søker som har fått rett til støtte etter disse reglene beholder retten, selv om det opprinnelige grunnlaget faller bort.


5.3.6

har fått opphaldsløyve som ektefelle til utanlandsk statsborgar eller som barn eller barnebarn under 19 år til utanlandsk statsborgar. Det er eit vilkår at vedkommande forsørgjer søkjaren, har opphalds- og arbeidsløyve, bur i og er skattepliktig til Noreg

N
Søker som har fått rett til støtte etter disse reglene beholder retten, selv om det opprinnelige grunnlaget faller bort.


N
Barn og barnebarn må ha vært under 19 år da oppholdstillatelse ble gitt.


N
Det kreves at forsørgeren har full arbeidstillatelse. Tillatelse til deltidsarbeid er ikke tilstrekkelig for støtte etter dette punktet.


5.3.7

har fått opphaldsløyve etter ordninga for nordmenn som har utvandra til Kola, og etterkommarane deira.

5.4

Statsborgar over 18 år frå Samveldet av uavhengige statar, land i Sentral- og Aust-Europa og utviklingsland som blir teken opp i eit særskilt utdanningsprogram med kvotetildeling ved visse høgskolar/universitet i Noreg, kan få støtte. Sjå kap. X.

5.4.1

Statsborgar frå utviklingsland som har begynt på ei fulltids yrkesutdanning i undervisningsåret 1993-94 eller før og fått støtte etter tidlegare kap. I, punkt 5.4, kan få støtte på visse vilkår til å fullføre utdanninga.

5.5

Det kan ikkje bli gitt støtte til søkjar som samtidig får støtte frå støtteordninga i eit anna land.

5.6

Søkjar som får eller har fått støtte til eit utdanningsprogram frå NORAD eller andre tilsvarande støtteordningar i Noreg eller i utlandet, kan ikkje få støtte frå Lånekassen. Sjå likevel kap. X, punkt 2.2.

N
Ektefelle til NORAD-stipendiat har ikke rett til støtte dersom vedkommende har fått oppholdstillatelse i egenskap av ektefelle.

Samme regler gjelder også for søkere som mottar støtte fra tilsvarende stipendordninger.


5.7

Det blir ikkje gitt støtte til norskopplæring utan i kombinasjon med anna godkjend utdanning.

6 UTDANNING I EIT ANNA NORDISK LAND

6.1

Til utdanning i eit anna nordisk land blir det gitt støtte etter dei same reglane og kostnadssatsane som gjeld for Noreg. Det er til vanleg eit vilkår at utdanninga har offentleg godkjenning og kjem inn under støtteordninga i studielandet. Det blir ikkje gitt støtte til deltidsutdanning.

N
Det gis i noen tilfelle støtte selv om utdanningen ikke omfattes av støtteordningen i studielandet. Det gjelder blant annet danske folkehøgskoler, og videregående opplæring på Island.


6.1.1

Nordisk statsborgar som kan få støtte etter kap. I, punkt 7 i forskriftene, og statsborgar frå land utanfor Norden som har fått rett til støtte etter kap. I, punkt 8.1, kan få støtte til utdanning i eit anna nordisk land i inntil eitt år. Det er eit vilkår at utdanninga kan godkjennast som ein del av den norske utdanninga som søkjaren er i gang med.

Statsborgar frå land utanfor Norden får ikkje støtte til å ta ei fullstendig fagutdanning i eit anna nordisk land. Sjå likevel kap. I, punkt 5.1.1.

N
Flyktning/statsløs behandles som utenlandsk statsborger.


6.1.2

Til førebuande språkkurs i Finland og på Island kan det bli gitt språkstipend etter reglane i kap. V. Sjå kap. V, punkt 8.1.1.

7 FELLES NORDISKE REGLAR

7.1

Til utdanning i eit anna nordisk land kan det til vanleg bli gitt støtte frå støtteordninga i heimlandet.

N
Med «heimlandet» menes statsborgerlandet.


7.2

Heimlandet avgjer kva for utdanning som gir rett til støtte.

7.3

Ein søkjar som tek utdanning i eit anna nordisk land, kan få støtte frå støtteordninga i studielandet dersom

N
Nordisk statsborger som fyller kravene for støtte til utdanning i Norge etter dette punktet, kan ikke få støtte fra Lånekassen dersom den ordinære utdanningen/hovedutdanningen blir tatt i statsborgerlandet. Slik søker må henvises til å søke støtte i statsborgerlandet.

Unntak kan gjøres for:
- Søker som alt har mottatt støtte fra Lånekassen
- Søker som tar et midlertidig studieopphold i statsborgerlandet dersom oppholdet inngår som et ledd i en hovedutdanning i Norge.

N
Nordisk statsborger som kan få støtte fra Lånekassen etter disse reglene kan bare unntaksvis gis støtte til studier i et annet nordisk land.

7.3.1

søkjaren har vore busett og yrkesaktiv i studielandet i minst 24 månader like før skoleåret. Omsorg for eige barn under 10 år er jamstilt med yrkesaktivitet. Avbrot i yrkesaktiviteten på grunn av militærteneste, sjukdom o.a. kan godkjennast.

N
Nordisk statsborger som kan få støtte fra Lånekassen etter disse reglene kan bare unntaksvis gis støtte til studier i et annet nordisk land.

N
Søker med halv stilling eller mer anses som yrkesaktiv.


N
Av den fastsatte tidsrammen på 24 måneder for yrkesaktivitet godtas inntil tolv måneders registrert arbeidsledighet og/eller arbeidsmarkedstiltak.


7.3.2

søkjaren er under 20 år og har følgt foreldra sine, når dei er busette i studielandet og har varig arbeid der.

N
Nordisk statsborger som kan få støtte fra Lånekassen etter disse reglene kan bare unntaksvis gis støtte til studier i et annet nordisk land.

N
Gjelder også søker over 20 år som kom til landet før fylte 20 år, og derved har opparbeidet rettigheter etter dette punktet.

N
Barn under 20 år av foreldre bosatt i studielandet har rett til støtte fra studielandets støtteordning, selv om foreldrene har tidsbegrenset arbeid der. Dette gjelder likevel ikke dersom arbeidet er av åpenbart tilfeldig natur.


N
Søker under 20 år med foreldre som er bosatt og skattepliktig i studielandet (etter avtale om dobbeltbeskatning i nordiske land), har rett til støtte fra studielandets støtteordning, selv om foreldrene arbeider i statsborgerlandet.


7.4

Ekteskap med statsborgar frå studielandet gir ikkje grunnlag for å gjere unntak frå reglane i punkta 7.1, 7.2 og 7.3.

7.4.1

Dersom søkjaren har vore busett i studielandet i 24 månader og er gift med statsborgar frå studielandet, kan det likevel bli gitt støtte frå studielandet.

N
Nordisk statsborger som kan få støtte fra Lånekassen etter disse reglene kan bare unntaksvis gis støtte til studier i et annet nordisk land.

7.5

Det er eit vilkår for tildeling av støtte at søkjaren ikkje får støtte frå eit anna land samtidig.

N
Norsk eller nordisk statsborger som har fått støtte i henhold til de nordiske regler og brukt opp støttemulighetene i et annet nordisk land, kan ikke få støtte fra Lånekassen i Norge.

Det skal normalt gis støtte bare fra ett av landene til samme utdanning.




8 UTDANNING I LAND UTANFOR NORDEN

8.1

Det kan bli gitt støtte til studieopphald i land utanfor Norden som varer i minst fire veker, og som er godkjent som ein del av ei høgre utdanning som søkjaren har begynt på i Noreg. Søknaden blir behandla etter dei reglar og satsar som gjeld for studium i land utanfor Norden dersom utdanninga fyller krava som er sette i kap. V, punkt 2.1.

N
Gjelder også når søkeren tar sin hovedutdanning i et nordisk land.


N
Ordningen omfatter sammenhengende studieopphold, til vanlig lagt opp ved ett lærested.


N
Det gis ikke støtte til delstudier i utlandet når den norske utdanningen er lagt opp som deltidsutdanning.


N
Utdanningsstøtten som skal dekke utgifter til livsopphold skal tilsvare semesterlengden ved det utenlandske lærestedet.


N
Utenlandsk statsborger kan få støtte etter kap. V og i opptil ett år ved feltarbeid, utvekslingsopphold og studieperioder som i fagplanen er lagt til utlandet.

N
Det kan ikke gis støtte til praktikantopphold gjennom AIESEC, IASTE eller tilsvarende.

8.1.1

Kurs som varer kortare enn fire veker ved dei norske studiesentra i York (England), Caen (Frankrike) og Kiel (Tyskland), kan godkjennast for tildeling av støtte. Det same gjeld for kurs ved dei norske institutta i Aten og Roma. Søknaden blir behandla etter kap. III.

9 KRAV TIL SØKJAREN

9.1

Søkjaren må vere teken opp som elev/student og ha rett til å gå opp til eksamen. Søkjaren må vere på lærestaden og kunne følgje undervisninga. Sjå likevel punkt 4.4. Dersom søkjaren er lenge borte frå undervisninga, kan retten til støtte falle bort. Det kan i særlege tilfelle bli gjort unntak frå kravet om å vere på lærestaden. Lærlingar må ha godkjend lærekontrakt.

N
Ved universitets- og høgskoleutdanning hvor opptakskrav er generell studiekompetanse, må søker ha dette før støtte kan tildeles. Søker som tas opp på bakgrunn av realkompetanse, må sende inn bekreftelse på godkjent realkompetanse, og opptak til det studiet det søkes støtte til.


N
Med lærested menes den skolen/universitetet/høgskolen som søkeren er opptatt ved.

N
Det gis ikke støtte til opphold ved andre læresteder enn der søkeren er tatt opp, med mindre det er dokumentert fra faglig hold at undervisningstilbudet er fullverdig. Det må også være klarlagt ved undervisningsårets start at et slikt opphold er godkjent og vil inngå i utdanningsopplegget.


N
Det kan i særlige tilfeller gjøres unntak fra kravet om å være på lærestedet og følge undervisningen, når søkeren ikke kan følge undervisningen på grunn av sykdom/handikap/særlige omsorgsplikter. Som særlige omsorgsplikter kan her regnes vanlig omsorg for barn under ti år, når søkeren dokumenterer kontakt med lærestedet og kan følge vanlig studieprogresjon. Sykdom/handikap må dokumenteres av lege. Det kan ikke uten videre gis støtte til rent selvstudium. Søkeren må dokumentere kontakt med den skole/kursarrangør hvor han skal ta eksamen. Brevundervisning/fjernundervisning kan i denne sammenheng godtas.


N
Ved hovedfagsstudium kan det gis støtte selv om studenten ikke oppholder seg ved lærestedet, når det dokumenteres at det er tilfredsstillende kontakt med veileder.


N
Med "lenge borte fra undervisningen" menes ugyldig fravær over fire uker (20 skoledager) pr. semester, eller flere korte fravær som tilsammen blir over fire uker. I slike saker må behandlingen (tilbakehold av støtte/annullering) skje i samråd med skolen. Normalt bør avkortingen i støtte være i samsvar med lengden på fraværet.


N
Søkere som har fullstendig studiepermisjon utover seks uker, kan ikke få støtte. Det gjelder egne regler for permisjon/fravær under sykdom, se kap. IV, punkt 6, og for søker som får barn, se kap. IV, punkt 4.


9.1

Søkjaren må vere teken opp som elev/student og ha rett til å gå opp til eksamen. Søkjaren må vere på lærestaden og kunne følgje undervisninga. Sjå likevel punkt 4.4. Dersom søkjaren er lenge borte frå undervisninga, kan retten til støtte falle bort. Det kan i særlege tilfelle bli gjort unntak frå kravet om å vere på lærestaden. Lærlingar må ha godkjend lærekontrakt.

N
Ved universitets- og høgskoleutdanning hvor opptakskrav er generell studiekompetanse, må søker ha dette før støtte kan tildeles. Søker som tas opp på bakgrunn av realkompetanse, må sende inn bekreftelse på godkjent realkompetanse, og opptak til det studiet det søkes støtte til.


N
Med lærested menes den skolen/universitetet/høgskolen som søkeren er opptatt ved.

N
Det gis ikke støtte til opphold ved andre læresteder enn der søkeren er tatt opp, med mindre det er dokumentert fra faglig hold at undervisningstilbudet er fullverdig. Det må også være klarlagt ved undervisningsårets start at et slikt opphold er godkjent og vil inngå i utdanningsopplegget.


N
Det kan i særlige tilfeller gjøres unntak fra kravet om å være på lærestedet og følge undervisningen, når søkeren ikke kan følge undervisningen på grunn av sykdom/handikap/særlige omsorgsplikter. Som særlige omsorgsplikter kan her regnes vanlig omsorg for barn under ti år, når søkeren dokumenterer kontakt med lærestedet og kan følge vanlig studieprogresjon. Sykdom/handikap må dokumenteres av lege. Det kan ikke uten videre gis støtte til rent selvstudium. Søkeren må dokumentere kontakt med den skole/kursarrangør hvor han skal ta eksamen. Brevundervisning/fjernundervisning kan i denne sammenheng godtas.


N
Ved hovedfagsstudium kan det gis støtte selv om studenten ikke oppholder seg ved lærestedet, når det dokumenteres at det er tilfredsstillende kontakt med veileder.


N
Med "lenge borte fra undervisningen" menes ugyldig fravær over fire uker (20 skoledager) pr. semester, eller flere korte fravær som tilsammen blir over fire uker. I slike saker må behandlingen (tilbakehold av støtte/annullering) skje i samråd med skolen. Normalt bør avkortingen i støtte være i samsvar med lengden på fraværet.


N
Søkere som har fullstendig studiepermisjon utover seks uker, kan ikke få støtte. Det gjelder egne regler for permisjon/fravær under sykdom, se kap. IV, punkt 6, og for søker som får barn, se kap. IV, punkt 4.


9.1.1

Hospitantar kan få støtte når det faglege opplegget gjer det rimeleg.

9.2

Låntakar som har fått ettergitt lån etter reglane i kap. VI, punkt 11, og som søkjer ny støtte, må sende inn dokumentasjon som viser at helsesituasjonen har betra seg, slik at søkjaren kan gå tilbake til arbeidslivet når utdanninga er gjennomført. Dersom vedtaket er gjort for mindre enn ti år sidan, blir det oppheva når søkjaren får ny støtte.

10 KOR LANG TID DET KAN BLI GITT STØTTE

10.1

Til vidaregåande og høgre utdanning kan det bli gitt støtte i den tida som er fastsett som norm for utdanninga (normert tid).

N
Rekkefølgen av videregående og høyere utdanning er uten betydning for vurdering av støttespørsmålet.


N
Ved innspart tid i én avdeling/ett fag/lavere grad, kan det godtas tilsvarende tidsbruk utover normert tid i annen avdeling/annet fag/høyere grad, begrenset oppad til ett år. Når en søker har tatt deler av en utdanning uten støtte før støtteperioden, kan dette ikke føre til utvidet norm for den resterende del av utdanningen.


10.2

Det blir gitt støtte for opptil eitt undervisningsår om gongen. Undervisningsåret blir rekna frå den datoen undervisninga startar, og til den datoen undervisninga (inkludert eksamen) sluttar. Støttebeløpet blir til vanleg utrekna på månadsbasis.

N
I henhold til kap. I, pkt. 10.1 gis det ikke forlenget støttetid utover normert tid for hele undervisningsopplegg.

Rentedato blir satt til 1. februar for studenter som har innlevering av hovedoppgave eller muntlig avsluttende eksamen i januar. Det er en forutsetning at søkeren hadde rett til støtte for høstsemesteret.

Det blir ikke gitt støtte for høstsemesteret til søker som avslutter utdanningen før 1. september. (Det blir dermed heller ikke gitt rentefritak for sommermånedene.) Søker som avslutter utdanningen i september, kan ha rett til støtte for en måned. Det er et vilkår at søkeren oppholder seg på lærestedet, og ikke er forsinket ut over rammene i kap. I, punkt 11.1.1/11.1.2.


10.2.1

Etter søknad kan det bli gitt støtte til utvida undervisningsår når søkjaren har reglementert undervisning, eller når det er dokumentert at søkjaren sparer inn på normert studietid. Opplegget må vare i minst to veker.

N
Dersom det senere viser seg at innsparingen ikke har funnet sted, vurderes dette som faglig forsinkelse.

11 FORSEINKING OG AVBROT

11.1

Når søkjaren har fått utdanningsstøtte for eit undervisningsår, må faglege resultat for dette året kunne dokumenterast.

11.1.1

Dersom utdanninga varer eitt år eller meir og søkjaren blir forseinka, kan det bli gitt støtte i inntil eitt år utover normert tid, jamfør punkt 10.1.

Det kan bli gitt støtte til forseinking med inntil eitt år i vidaregåande opplæring og inntil eitt år i høgre utdanning. Til vidaregåande opplæring kan det likevel ikkje bli gitt støtte i meir enn fire år, jamfør punkt 10.4.

Det blir til vanleg ikkje gitt støtte til forseinking ved deltidsutdanning.

N
Ved utdanning som varer i ett semester, som for eksempel ex.phil. og ex.fac., kan det gis støtte i ett semester til forsinkelse selv om den ene delen er bestått.


N
Det kan unntaksvis gis støtte til faglig forsinkelse i deltidsutdanning når det foreligger helt spesielle grunner. Grunner som kan godtas, er dokumentert sykdom, eller svangerskap og fødsel som hindrer søkeren i å avlegge eksamen til fastsatt tid.

Det kan gis støtte til ny fulltidsutdanning til søker som er inntil ett år forsinket i tidligere deltidsutdanning.


N
Skoleåret regnes som fullført for søker i videregående skole når han har stryk i enkelte fag, men likevel blir godtatt for opprykk til neste trinn/kommer inn i høyere utdanning.


N
Søker som må gå om et år fordi dette ikke er fullført/bestått gis vanligvis full støtte, unntatt dekning av læremidler og eventuelle skolepenger. Følger søker et opplegg som er lagt opp som et organisert deltidsopplegg fra lærestedets side gis støtte i henhold til aktuelt faglig program.


11.1.2

Ved forseinking i meir enn eitt år kan Lånekassen i særlege tilfelle vurdere å gi redusert støtte. Det gjeld mellom anna funksjonshemma søkjar som har støtte frå folketrygda, søkjar som får barn i utdanningsperioden, og søkjar som har blitt meir enn eitt år forseinka på grunn av sjukdom.

N
Det gis vanlig støtte til forsinkelse med reduksjon av standardbeløpet for bøker og materiell, men legges vekt på om søkeren har høg gjeld.


N
For søkere som har fått fødselsstipend kan det tildeles støtte til forsinkelse tilsvarende den tiden fødselsstipend er gitt for. For søkere som har fått barn, men som ikke har fått fødselsstipend, må støtte vurderes særskilt.


N
Regelen må - for øvrige søkere - anvendes restriktivt. Normalt kan det gis både grunnbeløp og botillegg. Det legges vekt på at søkeren har kommet langt i utdanningsprogrammet og at det er særlige årsaker til forsinkelsen. Det legges også vekt på om søkeren har høy gjeld, se NR kap. I, punkt 12.


11.2

Ei utdanning som det er gitt støtte til, blir rekna som avbroten dersom denne utdanninga ikkje er fullført og søkjaren tek til med ei ny utdanning.

Når støtte til den avbrotne utdanninga ikkje er betalt tilbake, skal denne utdanning telje med i vurderinga av kor mange år det kan bli gitt støtte, jamfør punkt 10.4 og 10.5. Det kan likevel bli gitt støtte utover dette på same vilkår som ved forseinking, sjå punkt 11.1.1 og 11.1.2.

N
Når en søker begynner på en utdanning og får støtte, og avbryter denne, skal søkeren behandles på samme måte som en søker som er forsinket i utdanningen. Dette innebærer at dersom søkeren har fått støtte i mer enn ett år på avbruddstidspunktet, så må den tiden søker har fått støtte utover ett år tas igjen før støtte kan gis til ny utdanning.


N
Ved frivillig tilbakeføring annulleres først lån og deretter stipend.


11.3

Både ved forseinking og avbrot kan lånet bli redusert, jamfør punkt 12.

11.4

Søkjar som avbryt ei utdanning før støtta er utbetalt, kan få støtte fram til avbrotet dersom utdanninga har vart i minst tre månader. Søkjar som avbryt utdanninga etter at støtta er utbetalt, kan behalde den støtta som er gitt for tida fram til avbrotet. Sjå også punkta 15.3 og 16.1.

N
Ved beregningen av støtten tas utgangspunkt i den 15. i den måneden utdanningen ble avbrutt.


N
Ved melding om avbrudd for søkere som får månedlig utbetaling, annulleres støtten fra og med førstkommende overføring sammen med eventuell støtte for våren. Rentedato settes til måneden etter avbruddet.


12 HØG GJELD

12.1

Det er fastsett rettleiande grenser for lånet slik at gjelda ikkje blir høgre enn det Lånekassen finn forsvarleg. Dersom søkjaren blir over 45 år når utdanninga er fullført, skal låntildelinga reduserast slik at gjelda kan bli betalt tilbake før søkjaren fyller 65 år.

N
Nedenfor følger veiledende beløpsgrenser når låntildelingen vurderes redusert pga. gjeldsbyrden.


N
Dersom søkeren tidligere har fått betalingsplan tas det hensyn til samlet gjeld inkludert renter.


N
Videregående utdanning:
Allmennfaglig studieretning:
(allmenne og økonomiske/administrative fag
musikk, dans og drama
idrettsfag) ca. kr 114 000
Yrkesfaglig studieretning: ca. kr 185 000


N
Høyere utdanning:
"Mellomnivået" (sosionom, lærer,
sykepleier, ingeniør), universitetsut-
danning av lavere grad ca. kr 293 000
vitenskapelig høyskole og universi-
tetsutdanning av høyere grad (inkludert Mastergrader) ca. kr 388 000

N
Norske studenter i land utenfor Norden:
"Mellomnivået", høyskole- og
og universitetsutdanning
tilsvarende norsk lavere grad: ca. kr 346 000
Høyskole- og universitetsutdanning
tilsvarende norsk høyere grad: ca. kr 420 000
(Eks.: siviløk., siviling., vet.med./medisin,
Mastergrader)


N
Lånekassen kan gi et tillegg tilsvarende ett årslån (ca. kr 47 000) utover de veiledende gjeldsgrenser, når søkeren

- har tatt opp betydelig lån til videregående utdanning og senere gjennomfører flerårig høyere utdanning
- eller har forsørgelsesbyrde
- eller tar flerårig utdanning med høye skolepenger.


N
Dersom søkeren tar en utdanning som gir rett til ettergivelse på grunn av langvarig utdanning, kan ettergivelsesbeløpet trekkes fra før fastsettelsen av gjeldsgrense. Det er en forutsetning at søkeren er ved avslutningen av studiet og at det er overveiende sannsynlig at studiet fullføres.


N
For søker som er 45 år eller eldre ved endt utdanning gjelder følgende regler:


Låntildelingen skal reduseres slik at gjelden kan tilbakebetales innen fylte 65 år.


De veiledende beløpsgrenser for lån som er satt for de ulike typer utdanning, gjelder også for søkere over 45 år.


For søkere som blir over 45 år ved endt utdanning, reduseres låntildelingen med 1/20 av maksimal støtte for hvert år utover fylte 45 år. Dvs. at en søker som er 50 år ved endt utdanning kan få inntil 15/20 av de veiledende beløpsgrenser, en søker på 55 år kan få 10/20 osv.

Årets støtte framkommer ved å ta utgangspunkt i de veiledende beløpsgrenser, trekke fra for antall år over 45 år og tidligere gjeld (lån + eventuelle renter). Det beløpet som en så kommer fram til, deles på antall gjenstående utdanningsår.


N
Dersom lånet skal reduseres, må det skje etter at utdanningsstipendet er beregnet. Stipend som søkeren er berettiget til, skal tildeles.


13 SØKJAR SOM FÅR STØTTE FRÅ OFFENTLEG TRYGDEORDNING O.A.

13.1

Søkjar som får støtte frå offentlege trygdeordningar, får redusert utdanningsstøtte frå Lånekassen. Trygdeytingar blir rekna som arbeidsfri inntekt. Sjå kap. II, punkt 4.6 eller kap. III, punkt 4.2.

13.2

Søkjar som får hjelp til finansiering av attføringstiltak/rehabilitering, eller får utdanningsstøtte frå folketrygda, kan ikkje få reisestipend eller støtte til bøker, materiell og skolepengar frå Lånekassen. Sjå kap. II, punkt 3.3.1 og 7.1.1 eller kap. III, punkt 3.3.1 og 7.1.1. Dersom folketrygda yter tilskott til opphaldsutgifter, blir desse utgiftene ikkje dekte av Lånekassen. Dersom folketrygda dekkjer alle utgiftene til skolegangen, kan det ikkje bli gitt stipend etter kap. II, punkt 5.3.1.

N
Det gis ikke støtte til internatelever ved de tidligere statlige spesialskolene eller ved de statlige regionale kompetansesentrene.


13.3

Søkjar som bur i institusjon og får opphaldet dekt av det offentlege, kan få lån til bøker, materiell og skolepengar etter satsane til Lånekassen, når desse utgiftene ikkje blir dekte på annan måte. Søkjar som avtener militær-/sivilteneste, kan få støtte etter dette punktet.

13.4

Søkjar som er forsørgd av barnevernet, kan ikkje få utdanningsstøtte frå Lånekassen.

13.5

Søkjar som har søknad til behandling ved trygdekontoret, kan få eit avgrensa mellombels lån når det tek lang tid før søknaden er ferdigbehandla. Dersom lånet viser seg å vere større enn det søkjaren har krav på, må differansen betalast tilbake med det same. Det kan bli kravd at trygdekontoret overfører midlar direkte til Lånekassen til dekning av lånet.

14 FORDELING, UTBETALING OG EVENTUELL ANNULLERING AV TILDELT STØTTEBELØP

14.1

Lånekassen fastset korleis støttebeløpet skal fordelast og utbetalast. For søkjarar som får støtta utrekna etter kap. II, og som tek utdanning i Noreg, blir støttebeløpet til vanleg fordelt med fleire terminar over heile støtteperioden, og terminane blir utbetalte ein gong per månad. Den første støtteterminen i kvart halvår inkluderer 10 prosent av støttebeløpet for resten av halvåret.

Dersom det blir gitt lån til skolepengar, blir det utbetalt saman med den første støtteterminen kvart halvår. Det same gjeld lån til dekning av ekstra utgifter til materiell.

Dersom det minste ordinære månadsbeløpet til utbetaling er mindre enn kr 500, blir støtta utbetalt samla kvart halvår.

Ved utdanning i utlandet blir støttebeløpet utbetalt kvart halvår.

Søkjarar som får støtta utrekna etter kap. III, og som tek utdanning i Noreg, får også utbetalt støttebeløpet kvart halvår. Søkjarar i høgre utdanning som får støtta utrekna etter kap. II, får likeins støttebeløpet utbetalt kvart halvår.

N
Dersom søkeren har månedlig utbetaling, vil også en tilleggssøknad medføre månedlig utbetaling, selv om beløpene er små, jf. kap. II, pkt. 8.1.

Dersom søkeren har fått halvårlig utbetaling, kan han likevel få utbetaling pr. måned dersom vilkårene for dette senere oppfylles.


14.2

Støttemottakarane får gjeldsbrev/stipendmelding kvart halvår.

Gjeldsbrevet/stipendmeldinga gjeld og som utbetalingspapir for første støtteterminen/halvåret.

14.3

Gjeldsbrevet/stipendmeldinga blir sendt til lærestaden og utlevert der. Lærestaden skal kontrollere at søkjaren er i gang med utdanninga før brevet blir utlevert. Gjeldsbrevet/stipendmeldinga skal utleverast berre til søkjaren personleg mot legitimasjon og kvittering.

14.4

Gjeldsbrevet/stipendmeldinga skal underskrivast av støttemottakaren, og støttebeløpet kan hevast i samsvar med den ordninga Lånekassen fastset. Ved å skrive under erkjenner støttemottakaren ei gjeld som omfattar det som er tildelt som lån for det aktuelle halvåret, i tillegg til eventuelt tidlegare lån.

N
Ved ny tildeling av støtte, sendes alltid nytt utbetalingspapir/gjeldsbrev, som må underskrives og heves før de etterfølgende månedsbeløp av den nye tildelingen overføres.


14.5

Ved månadleg utbetaling blir terminbeløpa for det aktuelle halvåret til vanleg overførte den 15. i kvar månad til den bank- eller postkontoen som støttemottakaren har oppgitt i søknadsblanketten (kontonummer på 11 siffer). For at overføring til konto skal kunne skje, må gjeldsbrevet/stipendmeldinga vere underskriven, heva og motteken i Lånekassen.

N
Endring av kontonummer skal alltid skje skriftlig, fortrinnsvis ved blankett K.


N
For søkere under 18 år har foreldre/verge rett til å endre kontonummer.


N
Overføringen skjer forskuddsvis hver måned. Ved behandling senere i skoleåret kan utbetalingspapiret omfatte flere måneders støtte.


N
Dersom søknaden godkjennes den 20. eller senere i måneden, omfatter utbetalingspapiret også støtten for neste måned.


14.6

Dersom vilkåra for tildelt støtte endrar seg i støtteperioden, kan Lånekassen stoppe utbetalingane for resten av perioden og annullere resttildelinga. Det gjeld mellom anna når støttemottakaren

- avbryt utdanninga og ikkje lenger har rett til støtte

- mislegheld pliktene sine mot Lånekassen, jamfør kap. I, punkt 17.

14.7

Dersom gjeldsbrevet/stipendmeldinga som blir sendt til søkjaren gjennom lærestaden, ikkje er heva når undervisningsåret/kurset er avslutta, blir løyvinga annullert, og søknaden kan ikkje bli behandla på nytt.

15 OPPLYSNINGSPLIKT

15.1

Søkjaren pliktar straks å melde frå om avbrot i utdanninga på grunn av sjukdom, svangerskap, fødsel, militær-/sivilteneste, om endringar som gjeld den faglege planen, økonomiske forhold, sivilstand eller bustadadresse, og om fagleg forseinking.

15.2

Lånekassen kan kontrollere at opplysningane frå søkjaren er rette. Lånekassen kan også hente inn opplysningar om søkjaren direkte frå lærestaden, likningskontoret, trygdekontoret og andre etter forskrifter fastsette i samsvar med § 16 i lov av 26. april 1985 nr. 21.

15.3

Dersom nye opplysningar viser at det tildelte støttebeløpet må reduserast, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje tilbakebetaling. Sjå også punkt 16.

N
Dersom det har skjedd feilbehandling som skyldes Lånekassen, kan tilbakeføring som hovedregel ikke kreves dersom støtten er utbetalt. Tilbakeføring kan derimot kreves dersom søkeren åpenbart måtte forstå at han ikke hadde rett på den tildelte støtten.



16 URETT TILDELT STØTTE / MISLEGHALD

16.1

Dersom ein søkjar har fått utbetalt eller godskrive støtte som forskriftene ikkje gir rett til, kan Lånekassen nekte meir støtte, gjere det stipendet søkjaren ikkje har rett til, om til lån, krevje støttebeløpet tilbakebetalt og rekne renter av lånet i utdanningstida. Heile gjelda kan bli oppsagd.

N
Denne bestemmelsen brukes dersom det foreligger mislighold av opplysningsplikten. Det foreligger mislighold av opplysningsplikten dersom søkeren gir uriktige eller mangelfulle opplysninger overfor Lånekassen, eller han/hun unnlater å melde fra om endringer som har betydning for behandlingsresultatet.

Vurderingen av reaksjoner i slike tilfeller er skjønnsmessig. Ved vurderingen av misligholdet, legges det blant annet vekt på hvor lang periode misligholdet har pågått, om det har skjedd en eller flere ganger, og størrelsen på den uberettigede støtten. Disse momentene er ikke uttømmende.

16.1.1

Dersom søkjaren gir urette opplysningar om butilhøva og får støtte som bortebuar utan å ha rett til det, kan Lånekassen i tillegg nekte å gi støtte heilt eller delvis. Lånekassen kan etter nærare reglar nekte støtte i like mange semester som søkjaren har fått støtte utan å ha rett til det. Denne tida blir rekna med i normert tid, jamfør punkt 10.1. Ein heimebuar som meir enn ein gong oppgir at han bur borte utan at det er rett, kan nektast meir støtte, jamfør punkt 16.2.

17 KOSTNADSSATSAR FOR UNDERVISNINGSÅRET 2001-02

17.1

Utdanningsstøtta blir rekna ut på grunnlag av satsane som er fastsette i kap. II, III, IV, V og VIII.

17.2

Dei satsane som er fastsette for undervisningsåret 2001-02, gjeld for tida 15. august 2001 – 14. august 2002.

17.3

Satsane i kap. VI, VII og IX gjeld for kalenderåret 2001.

Satsane i kap. VIII gjelder for dei som tek eksamen hausten 2000 og våren 2001.

18 SØKNADSFRISTAR

18.1

Søknader om støtte for 2001-02 som kjem inn til Lånekassen etter 15. mars 2002, blir ikkje behandla. Fristen gjeld ikkje for kurs som tek til 1. februar 2002 eller seinare.

N
Dersom det inntreffer særlige forhold som søkeren ikke kunne forutse, så som brann, tyveri e.l. som gjør at skoleåret ikke kan fullføres uten ekstra støtte, kan det gjøres unntak fra søknadsfristen. De særlige forhold må være dokumentert.

N
Søknader som ikke omfattes av søknadsfristen:

- Utdanningen har startet 1. februar eller senere; gjelder utdanningens start, og ikke søkerenes eventuelt sene start, som følge av f.eks. verneplikt eller utenlandsopphold.

- Søknaden gjelder støtte til diplomarbeid, sommerkurs, feltarbeid eller liknende som helt eller delvis foregår i sommerferien.

- Søknaden gjelder studieopphold utenfor lærestedet som starter etter 15. mars.

- Saken gjelder ettertildeling, for eksempel av stipend for tidligere undervisningsår, hvor det tidligere er sendt inn formell søknad og hvor Lånekassen har bedt om nærmere opplysninger. De manglende opplysninger må være innsendt til Lånekassen samme studieår som de var tilgjengelige.

- Søker som har søkt støtte i et annet nordisk land og overholdt søknadsfristen der.


18.2

Søknader som kjem inn etter at undervisningsåret/kurset er avslutta, blir ikkje behandla.

18.2.1

Dersom søknaden gjeld stipend etter kap. IV, punkt 4, 6 og 9, må søknaden vere innkommen seinast seks månader etter at undervisningsåret/kurset er avslutta.

18.3

Søkjar som er tilskriven/varsla om å sende inn opplysningar, må sende inn desse opplysningane før undervisningsåret/kurset er avslutta for å få søknaden behandla.

18.4

Opplysningar om endringar som kjem inn til Lånekassen etter 15. mars 2002, vil ikkje kunne føre til ny behandling. Sjå likevel kap. III, punkt 6.5.

N
Unntatt fra denne fristen er søker som ikke omfattes av den generelle søknadsfristen 15. mars, se NR til pkt. 18.1.

N
Unntatt fra fristen er søker som kan få tilleggslån etter kap. III, pkt. 6.5.

18.5

Dersom det er særlege forhold som gjer at søknadsfristane ikkje kan bli haldne, kan Lånekassen gjere unntak frå fristane.