Kap. V - Støtte til utdanning i land utanfor Norden
1 STATSBORGARSKAP OG TILKNYTING TIL NOREG
1.1
Søkjaren må vere norsk statsborgar for å få støtte.
N
Søkjar som opplyser at han har søkt om norsk statsborgarskap, kan først få søknaden behandla når han har fått norsk statsborgarskap. Støtte kan bli gitt frå og med det semesteret norsk statsborgarskap blei innvilga.
1.1.1
Det kan bli gjort unntak frå kravet om at søkjaren må vere norsk statsborgar når søkjaren har rett til støtte til utdanning i Noreg etter EØS-avtalen. Sjå kap. I punkt 5.1.1.
N
Når det gjeld krav som blir stilte for støtte, gjeld dei same krava som er nemnde under nærmare reglar til kap. I punkt 5.1.1.
Det kan ikkje bli gitt støtte etter dette punktet dersom detgår fram av søknaden eller av annan dokumentasjon at søkjaren ikkje har tenkt å vende tilbake til Noreg etter avslutta utdanning.
Støtte etter dette punktet kan ogsåbli gitt til utdanning i andreland enn EØS-land.
1.1.2
Det kan bli gitt støtte i inntil eitt år til utanlandsk statsborgar som har fått godkjent eit utanlandsopphald som del av ei høgre utdanning som søkjaren har begynt på i Noreg, jamfør kap. I punkt 8.1.
1.1.3
Utanlandsk statsborgar kan få støtte til å delta i dei opplegga som er nemnde under punkta 2.2.5, 2.2.6, 2.2.7 og 2.3.
1.2
Det er eit vilkår at søkjaren har budd i Noreg eller i eit anna nordisk land i ein samanhengande periode på minst to år i løpet av dei fem siste åra før utdanninga tek til. Dette gjeld likevel ikkje for søkjarar som får støtte etter kapittel I punkt 8.1 og kapittel V punkt 1.1.2 og 1.1.3, 2.2.5, 2.2.6, 2.2.7 og 2.3.
N
Når foreldra/ektefellen til søkjaren bur i utlandet (og søkjaren ikkje kan få støtte etter punkt 1.2.1), er det til vanleg ikkje grunnlag for å gi støtte at foreldra/ektefellen har ei eller anna form for bustad i Noreg, f.eks. leilegheit, feriestad e.l.
N
Utdanning etter grunnskolen som er teken utan støtte frå Lånekassen, kan bli godteken mellom opphald i Noreg og den utdanninga det blir søkt om støtte til.
N
Søkjar som allereie har fått støtte ut frå tidlegare reglar om å ha heimen sin i Noreg, får framleis støtte til å fullføre denne utdanninga.
1.2.1
Det kan bli gjort unntak når søkjaren, ein av foreldra eller ektefellen til søkjaren er
- i norsk utanriksteneste
- i teneste for misjon eller for utviklingsland
- i teneste som norsk representant for ein internasjonal organisasjon eller ein
offentleg institusjon
- i teneste i utlandet for norsk næringsliv
- busett i utlandet på grunn av sjukdom
Det kan bli gjort unntak i andre tilfelle, dersom sterke grunnar talar for at det er rimeleg.
1.3
Det kan ikkje bli gitt støtte til søkjar som samtidig får støtte frå støtteordninga i eit anna land.
2 KVA SLAGS UTDANNING DET KAN BLI GITT STØTTE TIL
2.1
Til høgre utdanning i land utanfor Norden kan det bli gitt støtte når utdanninga kan bli godkjend som jamgod med, eller som ein del av, ein norsk grad, eller når utdanninga gir yrkeskompetanse i Noreg. Utdanninga og lærestaden må ha offentleg eller tilsvarande godkjenning i studielandet. Søkjaren må sjølv dokumentere at utdanninga kan bli godkjend i ein norsk grad eller gir yrkeskompetanse, når det ikkje går fram av dei generelle reglane for godkjenning.
Det blir ikkje gitt støtte til utdanning som gir fritak for førebuande prøver i ein norsk grad.
N
Utdanninga må til vanleg gi ein yrkes- eller utdanningskompetanse som tilsvarer fullstendig norsk yrkesutdanning eller grad/eventuelt delar av ein grad (f.eks. cand.mag.). Det blir også kravd relevant fagleg akkreditering i studielandet. På fagområde der slik fagleg akkreditering ikkje finst, må lærestaden ha regional akkreditering.
2.1.1
Dersom utdanninga ikkje gir full yrkes- eller utdanningskompetanse, kan det likevel bli gitt støtte til delvis finansiering av utdanninga når søkjaren får stipend frå andre som dekkjer minst 30 prosent av kostnadene.
N
Regelen tek sikte på at dei som får stipend frå anna hald, ikkje skal bli hindra i å utnytte det, sjølv om det gjeld ei utdanning som ikkje gir støtterett etter hovudregelen (ikkje gir kompetanse).
N
Regelen gjeld berre for søkjarar som får stipend frå anna hald til høgare utdanning.
N
Med «stipend frå anna hald» er meint alle stipend frå institusjonar eller organisasjonar som har som ei av sine (hovud)oppgåver å finansiere utdanning. Tilskott gitt i form av «stipend» frå privatpersonar, bedrifter e.l. er ikkje omfatta.
N
«Work study scholarship» blir behandla som «stipend frå anna hald».
N
Med «minst 30 prosent av kostnadene» meiner vi 30 prosent av dei kostnadene lærestaden har oppgitt som totale kostnader til skolepengar/avgifter og opphald.
N
Dei krava som er stilte f.eks. etter punkt 4.1 og 4.5, må vere oppfylte før støtte kan bli gitt etter punkt 2.1.1.
N
Støtte etter denne unntaksregelen omfattar til vanleg lån, utdanningsstipend og reisestipend. Det blir ikkje gitt gebyrstipend, og heller ikkje lån til å dekkje skolepengar.
2.2
Det kan ikkje bli gitt støtte til utdanning utanfor Norden som er på nivå med vidaregåande opplæring i Noreg. Støtte kan likevel bli gitt
2.2.1
til utdanning på nivå med vidaregåande opplæring i Noreg, når ein av foreldra eller ektefellen til søkjaren er
- i norsk utanriksteneste
- i teneste for misjon eller for utviklingsland
- i teneste som norsk representant for ein internasjonal organisasjon eller ein
offentleg institusjon
- i teneste i utlandet for norsk næringsliv
- busett i utlandet på grunn av sjukdom
Det er eit vilkår at søkjaren ikkje har fylt 22 år.
N
Som eit unntak kan det bli godteke at søkjaren tek utdanninga i eit anna land enn der ektefellen/foreldra er busette, når det verkar rimeleg.
2.2.2
til yrkesfagleg opplæring når utdanning innanfor tilsvarande fagområde ikkje finst i Noreg. Det må vere godtgjort at utdanninga er fagleg tilfredsstillande, og at det er behov for utdanninga her i landet
2.2.3
til elevar som har fått opptak gjennom Statens utdanningskontor i Vest-Agder til utdanning som tilsvarer allmennfagleg studieretning i vidaregåande skole. Skolane som er omfatta, er rekna opp i punkt F på side…
2.2.4
til elevar som har fått opptak gjennom Statens utdanningskontor i Vest-Agder eller kulturkontoret ved Den franske ambassaden til utdanning ved utvalde lærestader i Frankrike, som tilsvarer allmennfagleg studieretning i vidaregåande skole. Skolane som er omfatta, er rekna opp i punkt G på side…
2.2.5
Som eit ledd i ei forsøksordning kan det bli gitt støtte til elevar som er tekne opp i eit godkjent utdanningsprogram i land utanfor Norden gjennom eit samarbeid mellom norsk vidaregåande skole og utanlandsk skole. For 2002-03 er inntil ein klasse ved dei norske skolane som er rekna opp i punkt H på side…, med i ordninga.
Det er ein føresetnad at utdanninga går inn som ein del av ei utdanning i vidaregåande skole som søkjaren er i gang med i Noreg, og at opphaldet i utlandet ikkje skal føre til forseinking i utdanninga.
2.2.6
Som ein del av ei forsøksordning kan det i skoleåret 2002-03 bli gitt støtte til elevar som tek eit år med vidaregåande opplæring i land utanfor Norden gjennom utvekslingsprogram. Det er ein føresetnad at utvekslinga skjer i regi av utvekslingsorganisasjonar som er godkjende av departementet for støtte gjennom Lånekassen. Det er vidare ein føresetnad at søkjaren dokumenterer at utdanninga inngår som ein del av ei utdanning i vidaregåande skole som søkjaren er i gang med i Noreg, og at opphaldet i utlandet ikkje vil føre til at søkjaren blir forseinka i denne utdanninga. Det blir ikkje gitt støtte til kurs på grunnkursnivå.
N
For 2002-03 gjeld ordninga for elevar som får utvekslingsopphald gjennom American Field Service (AFS), Youth for Understanding (YFU), STS High School Foundation, EF High Scool Year, Aspect Education Norway, Rotary International Youth Exchange, Speak Norge, FLAG og Steinerskolen på Hedmarken. Søknader om støtte frå elevar som blir utveksla gjennom andre organisasjonar, kan først bli behandla når organisasjonen har søkt om og fått godkjenning frå departementet for å delta i forsøksordninga.
2.2.7
Det kan bli gitt støtte frå Lånekassen til ei avgrensa mengd elevar på yrkesfagleg studieretning som tek utanlandsopphald i kortare eller lengre tid, og som får utdanninga godkjend. Det går fram av punkt I på side … kven som er omfatta av denne forskrifta.
2.3
Det kan bli gitt støtte til studieopphald gjennom LEONARDO-programmet som varer i minst tre månader. Sjå kap. I punkt 3.1.4.
3 KORLEIS UTDANNINGA MÅ VERE LAGD OPP
3.1
Utdanninga må vere lagd opp som reglementert fulltids undervisning og vare i minst eitt fullt semester ved den lærestaden der studenten skal studere. Sjå likevel kap. I punkta 3.1.4 og 8.
N
Vurderinga av om det er fulltidsundervisning, tek utgangspunkt i kva som blir rekna som fulltidsundervisning i studielandet.
3.1.1
Det kan bli gjort unntak frå kravet om at undervisninga må vare i minst eitt fullt semester, når utdanninga har direkte samanheng med yrket til søkjaren eller den tidlegare utdanninga.
3.2
Det kan ikkje bli gitt støtte til deltidsutdanning.
4 FAGLEG OG ØKONOMISK AVGRENSING
4.1
Det kan bli gitt støtte berre dersom søkjaren har generell studiekompetanse i Noreg.
N
Med generell studiekompetanse er meint dei minstekrava for opptak som er fastsette i forskrifter i rundskriv F-52-01, jf. F-82-99 fra KUF.
N
Søkjarar som ikkje har generell studiekompetanse gjennom bestått eksamen frå norsk vidaregåande skole eller bestått internasjonal baccalaureat, må sjølv skaffe dokumentasjon på generell studiekompetanse gjennom attest frå norsk universitet, høgskole, vidaregåande skole eller annan norsk faginstans.
N
Støtte kan bli gitt berre dersom søkjaren har generell studiekompetanse ved semesterstart. Det kan ikkje bli gitt støtte under føresetnad av at generell studiekompetanse skal bli oppnådd seinare.
4.1.1
Det kan bli gjort unntak frå kravet om generell studiekompetanse når det heller ikkje i Noreg blir stilt krav om slik kompetanse ved opptak til utdanning innanfor tilsvarande fagområde. For kunstutdanning vil det gjelde ballett-, skodespelar- og biletkunstutdanning ved framståande lærestader. Det er ein føresetnad at lærestaden har strenge krav for opptak.
Det kan og bli gjort unntak for søkjar som er 25 år eller eldre og har fått studierett på grunnlag av realkompetanse.
4.2
Det kan ikkje bli gitt støtte til forutdanning som søkjaren tek for å komme inn på eit fagstudium. Det kan heller ikkje bli ettertildelt støtte til utdanning som ikkje gir rett til støtte, sjølv om utdanninga blir godskriven ved opptak i utdanning som gir rett til støtte. Sjå likevel punkt 8.
4.3
Det kan ikkje bli gitt støtte til utdanning ved lærestader der kostnadene ligg på eit særleg høgt nivå, med mindre det er særleg behov for utdanninga.
N
Når søkjaren får støtte etter dette punktet, må han bli orientert om kostnadsrammene. Før støtta kan bli utbetalt, må søkjaren stadfeste at han er klar over at han sjølv må finansiere resten.
4.4
Det kan ikkje bli gitt støtte til BTEC, Higher National Diploma eller foundation year ved britiske lærestader.
4.5
Det kan ikkje bli gitt støtte til første året, Freshman year, av fireårig Bachelor’s Degree ved lærestader i USA. Det kan bli gjort unntak
4.5.1
for første året av kiropraktorutdanning
4.5.2
når utdanninga er særleg godt tilrettelagd for studentar med funksjonshemming. Studentar med funksjonshemming kan få støtte til utdanning på toårig junior college
4.5.3
for første året av fireårig Bachelor’s Degree ved lærestader i USA som er med i ordninga med tilleggsstipend. Om ordninga med tilleggsstipend, sjå kap. V punkt 6.4.
4.6
Det kan ikkje bli gitt støtte til utdanning som fører fram til Associate Degree ved lærestader i USA eller undergraduate certificate/diploma ved lærestader i Canada.
4.7
Til utdanning i USA og Canada kan søkjar få økonomisk garanti for støtte etter standardsatsane som gjeld for det enkelte undervisningsår, og i normert tid fram til godkjend hovudeksamen.
5 UTREKNING AV STØTTEBELØPET
5.1
Støttebeløpet blir rekna ut etter reglane i kap. III. Det gjeld eigne reglar for dekning av skolepengar og reiser, sjå punkt 6 og 7.
For søkjar som får støtte til vidaregåande opplæring i utlandet, sjå punkt 2.2, blir støttebeløpet rekna ut etter kap. II. Det gjeld eigne reglar for dekning av reiser, sjå punkt 7.
N
Søkjar som har rett til vidaregåande opplæring i Noreg, og som tek tilsvarande opplæring i utlandet, får støtte etter reglane i kapittel II.
N
Studentar som er i ei utdanning i Singapore, Sveits, Japan eller Hong Kong, får behalde den kostnadsnorma som var fastsett våren 2002. Dette gjeld ikkje for studentar som tek til i utdanninga hausten 2002.
Kombinasjonen bachelor-/mastergrad blir sedd på som éi utdanning når det gjeld auka kostnadsnorm.
For studentar som avsluttar ei utdanning og held fram i ei ny utdanning i same landet, kan auka kostnadsnorm bli gitt dersom det er ein rimeleg samanheng mellom utdanningane. Det blir gjort ei vurdering i kvart enkelt tilfelle.
Overgangsordninga gjeld for studentar som har fått støtte i minst eitt av dei to åra før (2000-01 og/eller 2001-02). Dersom det er særlege årsaker til avbrottet/opphaldet i utdanninga, kan det bli gjort unntak.
Ordninga skal, innanfor desse rammene, vare så lenge det er studentar som var i gang med utdanninga før hausten 2002.
Tillegget blir gitt som ein del av basisbeløpet og går inn i grunnlaget for utrekning av stipend.
Kostnadsnorma for dei aktuelle landa vil ikkje bli justert etter studieåret 2001-02.
6 DEKNING AV SKOLEPENGAR
6.1
Det kan bli gitt gebyrstipend i normert studietid til å dekkje skolepengane heilt eller delvis til
N
Gebyrstipend går til å dekkje skolepengar og/eller andre obligatoriske avgifter. Beløp som tilsvarer semesteravgifta ved offentlege lærestader i Noreg, blir ikkje dekte. Stipendet blir gitt med eit beløp per undervisningsår; det blir altså ikkje rekna per månad.
N
Gebyrstipendet er ikkje behovsprøvd etter kap. II og III. Bortfall av gebyrstipend på grunn av forseinking kan kompenserast med lån.
N
Normert studietid er den tida Lånekassen har fastsett som norm for studiet i arbeidsinstruksane. For undergraduate studium i USA blir det til vanleg gitt gebyrstipend i seks semester til ei bachelorutdanning (støtte i tre år frå og med andre året - "sophomore"), eller gebyrstipend og tilleggsstipend i åtte semester til ei bachelorutdanning ved universitet som er med i tilleggsstipendordninga (støtte frå første året - "freshman").
N
Det kan bli gitt gebyrstipend utover normert studietid når forseinkinga skuldast sjukdom, ulykke, funksjonshemming eller svangerskap.
N
Søkjarar som ønskjer å ta sommarsemester, kan få gebyrstipend og eventuelt tilleggsstipend til å dekkje skolepengar når det ligg føre dokumentasjon på at dei er registrerte, og på beløpet for skolepengane. Tildeling av gebyrstipend til sommarsemester i USA skjer innanfor ramma av seks semester med gebyrstipend til bachelorgrad. Tildeling av gebyr- og tilleggsstipend ved sommarsemester skjer innanfor ramma av åtte semester med tilleggsstipend til bachelorgrad.
6.1.1
utdanning innan fag/fagområder ved universitet eller anna høgre utdanningsinstitusjon som kan bli godkjent som jamgod med eller som del av norsk grad, eller som kan gi grunnlag for offentleg godkjenning/autorisasjon i Noreg. Sjå punkt A på side ….
N
Nemninga "teknologiske fag" i oversikta vil til vanleg bli definert som utdanning som gir sivilingeniørkompetanse i Noreg. Søkjaren må ta tilleggspoeng utover bachelorgraden for å få sivilingeniørtittel/-kompetanse i Noreg, men ikkje for å få stipend og lån.
N
Nemninga "merkantile fag" dekkjer siviløkonomutdanning og utdanning innanfor marknadsføring. Søkjaren må ta tilleggspoeng utover bachelorgraden for å få siviløkonomtittel/-kompetanse i Noreg, men ikkje for å få stipend og lån. Under "merkantile fag" blir det ogsågitt gebyrstipend til program innanfor administrasjon og leiing.
6.1.2
utdanning ved universitet eller anna høgre utdanningsinstitusjon som ikkje finst ved norske lærestader. Det er ein føresetnad for tildeling av gebyrstipend at sjølve fagområdet ikkje finst i Noreg, jf. kap. I punkt 8.1. Sjå punkt B på side ….
6.1.3
vidareutdanning på nivå med høgre grad i Noreg (Master Degree e.l.), også der det ikkje blir gitt gebyrstipend til lågare grad eller grunnutdanning. Sjå punkt C på side ….
6.1.4
utdanning som varer i inntil eitt år og som er godkjend som ein del av ei høgre utdanning som søkjaren har begynt på i Noreg (delutdanning). Sjå punkt D på side ….
N
Det er ein føresetnad at gebyret blir betalt til den lærestaden som søkjaren skal ta delutdanning ved i utlandet, og ikkje til den lærestaden søkjaren tek utdanning ved i Noreg.
N
Den norske lærestaden må på førehand ha godkjent den utanlandske utdanninga som eit fullverdig alternativ til den norske utdanninga.
6.1.5
utdanning som er særleg godt tilrettelagd for studentar med funksjonshemming, når særleg godt tilrettelagt tilbod ikkje finst ved norske lærestader. Sjå punkt E på side ….
6.1.6
utdanning i USA eller Canada for studentar i psykologi på nivå med Ph.D., når studiet er godkjent for støtte frå Lånekassen. Det blir ikkje gitt gebyrstipend til anna doktorgradsutdanning.
6.2
I 2002-03 kan det bli gitt gebyrstipend til eit heilt undervisningsår med opptil kr 52 320 . Ved endringar i valutakursen, kan gebyrstipendet bli gitt med eit høgre beløp. Stipend frå andre til skolepengar går til frådrag i gebyrstipendet. Gebyrstipendet skal ikkje aukast sjølv om undervisningsåret er lengre enn ti månader. Når undervisningsåret er kortare enn seks månader, blir det gitt halvt gebyrstipend.
N
På utbetalingstidspunktet blir det kontrollert om valutaen har endra seg sidan tildelingstidspunktet. Søkjaren får kompensasjon i norske kroner for eventuelle valutaendringar i perioden frå fastsetjing av satsane til utbetalinga finn stad.
Utgangskursar blir lagde inn første veka i april og blir baserte på den gjennomsnittlege månadskursen for mars. Utviklinga i valutaen blir vurdert kvar månad, og nye valutakursar blir lagde inn dersom valutaen(e) har styrkt seg med meir enn ein prosent samanlikna med utgangskursen per 1. april. Endringar i det utbetalte beløpet skjer berre ved styrking av valutaen(e) målt mot norske kroner.
Kursar som blir lagde til grunn for ei eventuell justering av gebyr- og tilleggsstipend for 2002-03:
(tabell)
N
Det blir ikkje gitt tillegg for auka gebyr i løpet av undervisningsåret når endringa er kr 500 eller mindre per år.
N
Stipend som ikkje er gitt spesielt for å dekkje skolepengar, går ikkje til frådrag i gebyrstipendet.
6.3
Til fagområde som ikkje fell inn under punkta 6.1.1-6.1.6, kan det ikkje bli gitt lån eller stipend til dekning av skolepengar.
6.3.1
Det blir likevel gitt gebyrstipend til dekning av skolepengar for å fullføre eit fagstudium som det blei gitt gebyrstipend til då utdanninga starta.
6.4
Til somme utdanningar ved visse lærestader utanfor Norden kan det bli gitt tilleggsstipend i normert studietid til dekning av skolepengar over satsane i punkt 6.2. Utdanning på både bachelor- og masternivå inngår i ordninga. Lånekassen utarbeider oversikt over kva fag og lærestader som er omfatta av ordninga.
N
Det kan vurderast å gi tilleggsstipend utover normert studietid når forseinkinga skuldast sjukdom, ulykke, funksjonshemming eller svangerskap. Ved forseinking kan beløp som tilsvarar tilleggsstipendet bli gitt som lån.
N
Det blir ikkje gitt tilleggsstipend til delstudium. Unntak kan gjerast for mastergrad i hotelladministrasjon i samarbeid Høgskolen i Stavanger, hotellhøgskolen, og Cornell University, USA, og for Master of Technology Management i samarbeid NTNU og MIT Sloan School of Management i Boston, USA.
6.4.1
I 2002-03 kan det bli gitt tilleggsstipend til eit heilt undervisningsår med opptil kr 55 320. Ved endringar i valutakursen, kan tilleggsstipendet blir gitt med eit høgre beløp. Tilleggsstipendet blir utbetalt dersom skolepengane er høgre enn summen av gebyrstipendet pluss ein eigendel på kr 6 845. Stipend frå andre til skolepengar går til frådrag i tilleggsstipendet.
N
Sjå nærmare regel under punkt 6.2 når det gjeld valutajustering av gebyr- og tilleggsstipend.
7 DEKNING AV REISER
7.1
Det kan bli gitt tillegg for to reiser tur-retur i året til studentpris mellom registrert bustad i Noreg og lærestaden. Tillegget blir gitt med 100 prosent stipend for reiser i Noreg og delt med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån for reiser utanfor Noreg. Tillegg for reiser i Noreg blir gitt til søkjar fødd i 1977 og seinare, og maksimalt reisestipend i Noreg er kr 7 000 per undervisningsår. Det blir gjort frådrag for stipend frå andre til dekning av reiser.
N
Støtte til reiser i Noreg blir rekna til foreldreadressa for søkjarar under 18 år og til folkeregistrert adresse for søkjarar over 18 år (19 år i vidaregåande utdanning). Søkjarar som ikkje har folkeregistrert adresse i Noreg, får ikkje innanlands reisestipend. I slike tilfelle blir Oslo rekna som grensestasjon.
N
Reisestipendet blir gitt for eit heilt eller halvt undervisningsår, ikkje per månad. Når undervisningsåret er på seks månader eller meir, blir det gitt støtte til to reiser tur-retur. Ved kortare undervisningsår blir det gitt støtte til éi reise tur-retur.
7.1.1
Dersom foreldra til søkjaren bur i land utanfor Noreg, kan det ikkje bli gitt reisetillegg. Søkjar over 18 år som budde i Noreg før utdanninga tok til, kan likevel få reisetillegg.
N
Søkjar som er busett i eit anna nordisk land, kan få reisetillegg for reise frå Oslo til studielandet. Innanlands reisetillegg blir ikkje gitt.
8 STIPEND TIL FØREBUANDE SPRÅKKURS
8.1
Det kan bli gitt stipend til førebuande språkkurs som varer i minst fire veker, når søkjaren er teken opp i ei utdanning som gir rett til støtte, som har eit anna undervisningsspråk enn engelsk, og som ligg i eit land utanfor Norden. Stipend frå andre til språkkurs blir trekt ifrå. Språkkurset må til vanleg bli teke i det landet der fagutdanninga skal takast.
N
Som eit unntak kan det bli gitt språkstipend til språkkurs i Noreg. Det same gjeld når språkkurset blir teke i eit anna land enn hovudutdanninga, men innanfor same språkområdet.
8.1.1
Stipendet kan også bli gitt til førebuande språkkurs i Finland og på Island.
8.1.2
Stipendet kan også bli gitt til delstudentar som tek utdanning i eit heilt eller eit halvt år i eit land som ikkje er engelskspråkleg, når utdanninga blir godkjend som ein del av ei høgre utdanning som søkjaren har begynt på i Noreg. Jamfør kap. I punkt 8.1. Ved halvårige opphald er det ein føresetnad at det halve året kjem i tillegg til eit språkkurs på minst fire veker. Ordninga gjeld ikkje for studentar som er i gang med språkstudium.
8.2
For 2002-03 er stipendet på kr 15 000. Det blir ikkje gitt anna støtte.
UTDANNING I LAND UTANFOR NORDEN SOM DET KAN BLI GITT GEBYRSTIPEND TIL ETTER KAP. V PUNKT 6.1
Det kan bli gitt gebyrstipend til desse utdanningane i 2002-03 når Lånekassen har godkjent utdanninga for støtte etter kap. V punkt 2.1. Gebyrstipend blir ikkje gitt ut over masternivå.
A
Utdanning innanfor desse faga/fagområda ved universitet eller annan høgare utdanningsinstitusjon som kan bli godkjend som jamngod med eller som del av ein norsk grad, eller som kan gi grunnlag for offentleg godkjenning/autorisasjon i Noreg
Bibliotekutdanning
Bioingeniørutdanning
Bioteknologi
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Design og kunsthandverk
Ergoterapi
Farmasi
Filmregi/filmfoto
Fiskerifag (inkl. akvakultur)
Fotoutdanning
Interiørarkitektur
Journalistikk
Kosthaldsøkonomi/hushaldsøkonomi/dietetikarutdanning
Kunstutdanning (utøvande og bildande kunst)
Landbruksfag (inkl. miljøfag, økologi, by- og regionplanlegging og næringsmiddelteknologi)
Medisin
Merkantile fag
Odontologi
Ortopediingeniør
Psykologi
Radiografi
Reiselivsfag (hotellfag og turisme)
Skogbruksfag
Sjukepleie
Teknologiske fag
Tekstil- og konfeksjonsutdanning
Tolk- og translatørutdanning
Utviklingsstudium
Vernepleie
Veterinærmedisin
Det kan bli gitt gebyrstipend til samfunnsøkonomi og mediefag ved utvalde lærestader.
B
Utdanning ved universitet eller annan høgare utdanningsinstitusjon som ikkje finst ved norske lærestader. Det er ein føresetnad for tildeling av gebyrstipend at sjølve fagområdet ikkje finst i Noreg.
Kiropraktikk
Scenografi
Teologi, når utdanninga ikkje er dekt av norske undervisningstilbod
Terapeutiske fag (musikkterapi, rørsleterapi, og liknande)
Også anna høgare utdanning som ikkje finst i Noreg, kan etter søknad bli vurdert for tildeling av gebyrstipend.
C
Vidareutdanning på nivå med høgare grad i Noreg (Master Degree e.l.), også der det ikkje blir gitt gebyrstipend til lågare grad eller grunnutdanning
D
Utdanning som varer i inntil eitt år, og som er godkjend som ein del av ei høgare utdanning som søkjaren har begynt på i Noreg (delutdanning). Sjå kap. I punkt 8.1
E
Utdanning som er særleg godt tilrettelagd for studentar med funksjonshemming, når særleg godt tilrettelagde tilbod ikkje finst ved norske lærestader
VIDAREGÅANDE OPPLÆRING SOM ER OMFATTA AV UNNTAKA I PUNKT 2.2
F
Atlantic College i Wales (2 år)
Lester Pearson College i Canada (2 år)
United World College of South East Asia i Singapore (2 år)
Li Po Chun United World College i Hong Kong (2 år)
The Armand Hammer United World College of the American West i New Mexico i USA (2 år)
United World College of the Adriatic i Trieste i Italia (2 år)
United World College of Southern Africa i Swaziland (2 år)
Mahindra United World College of India (2 år)
G
Lycée Alain Chartier i Bayeux i Frankrike
Lycée Corneille i Rouen i Frankrike
Lycée Edouard Herriot i Lyon i Frankrike
Lycée Francois Rabelais i Vendee, Frankrike
Lycée d'enseignement general et technologique Notre Dame i Vendee i Frankrike
Lycée Chevrollier i Angers i Frankrike
H
Danielsen videregående skole, Bergen, i samarbeid med:
Hillcrest Lutheran Academy, Minnesota, Cuyahoga Valley Christian Academy og Mansfield Christian School, Ohio, USA
(allmennfag, VK1)
Skedsmo videregående skole, Skedsmo, i samarbeid med Russisk-norsk videregående skole, Moskva, Russland (allmennfag, VK2)
Sogn videregående skole, Oslo, i samarbeid med The Bournemouth and Poole College of Further Education, Bournemouth, England (elektronikk og medier og kommunikasjon, VK1)
Ulsrud videregående skole, Oslo, i samarbeid med The Bournemouth and Poole College of Further Education, Bournemouth, England (allmennfag, VK1)
Heltberg Private Gymnas, Oslo, i samarbeid med The Bournemouth and Poole College of Further Education, Bournemouth, England eller York College, York, til saman éin klasse (allmennfag, VK1)
Oslo Handelsgymnasium i samarbeid med Beechen Cliff School, Bath, England (allmennfag, eitt semester, VK1)
Lindås gymnas/Internasjonal vidaregående skole i samarbeid med desse sju vidaregåande skolane i og omkring Cardiff, South Glamorgan, Wales (allmennfag, VK1):
Barry Boys' Comprehensive School
Bryn Hafren Comprehensive Girls' School
Fitzalan High School
St. Teilo's Church in Wales High School
Cardiff High School
Coleg Glan Hafren
Whitchurch High School
Drottningborg videregående skole, Grimstad, i samarbeid med Lincoln Lutheran High School, Nebraska, USA (allmennfag, VK1)
Bergeland videregående skole, Stavanger, i samarbeid med Somerset College of Arts and Technology, England (teikning, form og farge, VK1)
Øystese vidaregåande skole, i samarbeid med St. Paul’s Lutheran High School, USA (allmennfag, VK1)
Kvadraturen videregående skole, Kristiansand, i samarbeid med The Bournemouth and Poole College of Further Education, Bournemouth, England (elektronikk, VK1)
Stovner videregående skole, Oslo, i samarbeid med Hammersmith and West London College, London, England (allmennfag, VK1)
Hetland videregående skole, Stavanger, i samarbeid med Oxford College of Further Education, England (allmennfag, VK1)
I
- elevar som har fått opptak gjennom kulturkontoret ved Den franske ambassaden til yrkesfagleg utdanning ved desse skolane:
- Lycée Hôtelier i La Rochelle i Frankrike (hotell- og restaurantfag)
- Lycée d’Hotellerie et de Tourisme i Illkirch, Frankrike (hotell- og restaurantfag)
- Lycée Hôtelier Raymond Mondon i Metz i Frankrike (hotell- og næringsmiddelfag)
- Lycée Charles de Gaulle i Muret i Frankrike (mekaniske fag)
- ein klasse frå Sogn videregående skole , Oslo, til å ta studieopphald i eitt
semester ved Lycée Polyvalent Regional Hôtelier i Frankrike (VK1 kokkfag)
- ein klasse frå Sogn videregående skole, Oslo, til å ta studieopphald i to månader
i Bielefeld, Tyskland (VK1 bilmekanikar)
- ein klasse frå Romsdal videregående skole, Molde, til å ta studieopphald i seks veker i Bielefeld, Tyskland (VK1 Kjøretøy)