Likningskontroll 2006 - auka lån for over 37 000 studentar
Stipendet blir behovsprøvd mot inntekt og formue. Likningskontrollen syner at det var 37 820 studentar som hadde høgare inntekt og/eller formue enn fribeløpa i 2006. Desse får delar eller heile stipendet omgjort til lån.
Informasjonen på denne sida er aktuell for alle studentar og elevar som har fått støtte til høgare utdanning og annan utdanning utanom vanleg vidaregåande opplæring.
Det er likningsopplysningane for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå Skatteetaten. Dersom du hadde høgare inntekter enn fribeløpa, vil du få brev i posten om omgjering av stipend til lån.
Stipendet du får utbetalt er ikkje endeleg fastsett når du får pengane eller når eksamen er bestått. Først må alle gjennom ei automatisk kontroll når likninga er ferdig, det vil sei eit til to år etter at du fekk pengane. Om inntektene dine er høgare enn fribeløpa, blir stipendandelen justert. Det gjeld ulike fribeløp for personinntekt, nokre trygdeytingar og for formue.
Les meir om behovsprøving og sjekk frigrensene for
Kva skjer hvis du går over frigrensene?
Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men du treng ikkje å betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eit eventuelt forsørgjarstipend.
Les meir om behovsprøving og unntak i Lånekassens forskrifter § 29
Ikkje lenger unntak for ektefelles særeige
For våren 2006 kan vi sjå bort frå formue som ektefelle har i særeige. Frå og med hausten 2006 er unntaksregelen om at Lånekassen kan sjå bort frå formue som ektefelle har i særeie, fjerna. Det betyr at alle blir behovsprøvd mot samla formue anten dei er gift eller sambuar med felles born. Lånekassen kan ikkje sjå bort frå delar av formuen sjølv om du sender inn kopi av ektepakt.