Trygd

Stipendet du får utbetalt er ikkje endeleg fastsatt når du får pengene eller når eksamen er bestått. Alle blir automatisk kontrollerte når likninga er ferdig, det vi seie eitt til to år etter at du fekk pengane.

Trygd inngår som ein del av personinntekta, men det er ulike fribeløp for ulike typar trygdeytingar. Det fins òg visse trygdeytingar som vi ser heilt bort frå når vi gjer om stipend til lån.

Trygdeytingar med same fribeløp som personinntekt

  • Fødselspengar 
  • Sjukepengar
  • Dagpengar under arbeidsløyse
  • Adopsjonspengar

For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha over desse fribeløpa:

År  Ved støtte heile kalenderåret Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår*
2004 kr 104 500 kr 261 250
2005 kr 108 680 kr 271 700
2006 kr 113 027 kr 282 568
2007 kr 116 983 kr 292 458
2008 kr 122 247 kr 305 618
*Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget.

Trygdeytingar med lågare fribeløp enn personinntekt

  • Stønad til einsleg mor/far
  • Attføringspengar 
  • Rehabiliteringspengar
  • Tidsavgrensa uførestønad 
  • Uførepensjon 
  • Barnepensjon
  • Etterlattepensjon
  • Alderspensjon
  • Introduksjonsstønad

For å behalde maksimalt stipend, kan du ikkje ha trygdeytingar over desse fribeløpa:

 År Ved støtte heile kalenderåret Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår*
2004 kr 55 910 kr 156 750
2005 kr 58 150 kr 163 020
2006 kr 60 476 kr 169 541
2007 kr 62 593 kr 175 475
2008 kr 65 409 kr 183 371
*Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget.

Trygdeytingar som vi ser bort frå

  • Kontantstøtte
  • Barnetrygd
  • Skattefrie attføringsstønader
  • Eingangsstønad ved adopsjon 
  • Eingangsstønad ved fødsel
  • Gravferdsstønad
  • Grunn- og hjelpestønad
  • Menerstatning ved yrkesskade
  • Stønad til barnetilsyn
  • Stønad ved helsetenester
  • Utdanningsstønad
  • Andre skattefrie ytingar 

Desse trygdeytingane reknast ikkje som inntekt og speler difor ikkje noko rolle for kor mye stipend du får. Vi ser òg bort frå eventuelle bidrag du eller barna dine mottek.