Krav til søkjaren

For å få stipend eller lån må du oppfylle nokre krav.

Studieplass
Du må vere teken opp som elev/student og ha rett til å gå opp til eksamen. Lærlingar må ha godkjend lærekontrakt.

For å få støtte til høgare utdanning må du ha generell studiekompetanse eller opptak på grunnlag av realkompetanse.

Statsborgarskap

Som hovudregel må du vere norsk statsborgar, men også utanlandske statsborgarar kan ha rett til støtte. Er du utanlandsk statsborgar, kjem det an på kvar du kjem frå, kva tilknyting du har til Noreg, og på kva grunnlag du har fått opphald her.

Krav ved studium i utlandet

Generell studiekompetanse
Du må ha generell studiekompetanse i Noreg for å få støtte til studium i land utanfor Norden. Den vanlegaste måten å oppnå generell studiekompetanse på er ved å bestå treårig vidaregåande opplæring. Er du usikker på om du har generell studiekompetanse? Skriv til nærmaste universitet eller høgskole og legg ved dokumentasjon på den tidlegare utdanninga di. Du kan og ta kontakt med

Realkompetanse
Det kan bli gjort unntak frå regelen om generell studiekompetanse dersom du er 25 år eller eldre og har fått studierett på grunnlag av realkompetanse.

Butid i Noreg
Du må til vanleg ha budd i Noreg i ein samanhengande periode på minst to år i løpet av dei siste fem åra før utdanninga startar.

Studieplass
Du må ha fått endeleg opptaksbevis. I tillegg må du vere på lærestaden og kunne følgje undervisninga.