Nedbetaling av studielån

Lånekassen set opp ein betalingsplan for deg, men du kan lage ditt eige opplegg.

Renter

Når du er ferdig med utdanninga, eller ikkje lenger får pengar frå Lånekassen, blir det rekna renter på lånet. Renta er marknadsstyrt, og du kan velje mellom fast eller flytande rente.

Betal i ditt eige tempo

Lånekassen sender deg ein betalingsplan som viser korleis nedbetalinga skal skje. Du kan likevel betale raskare eller saktare enn det som står i planen. Les om raskare nedbetaling og betalingsutsetjing.

Fire innbetalingar i året

Faste terminforfall er 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.

Første innbetalinga
Første innbetalinga er cirka sju månader etter at renterekninga tek til.

Nedbetalingstid

Nedbetalingstida er avhengig av kor stort lånet er, men lån som er større enn 200 000 kroner, får til vanleg 20 års nedbetalingstid. Lånet skal vere nedbetalt innan du fyller 65 år. For låntakarar over 45 år blir terminbeløpa oppjusterte sånn at lengste nedbetalingstid blir kortare enn 20 år.

Sjå døme på standard betalingsplan for lån med ulik storleik.

Du finn meir informasjon i menyen til venstre.