Pause i utdanninga
Tek du pause i utdanninga, vil det bli rekna renter på lånet ditt.
Det blir i utgangspunktet rekna renter same kva som er grunnen til at du tek pause i utdanninga. Det einaste unntaket er fødsel og sjukdom, dersom du får fødselsstipend eller sjukestipend i pausen.
Pausar som kan gi rett sletting av renter i ettertid:
- militær eller sivil verneplikt
- sjukdom/arbeidsløyse
- verv i studentorganisasjon
- fødsel/omsorg
- soning
Pausar som til vanleg ikkje gir rett til sletting av renter:
- reiser (sjølv om du ikkje har inntekt)
- arbeid
- kurs/utdanning utan rett til støtte frå Lånekassen
Les om vilkåra for å få sletta renter.