eFaktura

Med eFaktura kan du få ferdig utfylte rekningar rett i nettbanken, alt du treng å gjere er å klikke OK!

Låntakarar som bruker e-faktura slipp å betale gebyr ved utsending av vanleg terminvarsel. Dette betyr at dei sparar kr 35 per termin, dvs. inntil kr 140 per år.

Innhaldet på eFakturaen og papirrekninga er heilt likt.

Merk! eFaktura er ikkje det same som avtalegiro/autogiro, der beløpet automatisk blir belasta kontoen din. Med eFaktura må du sjølv aktivt gå inn i nettbanken og betale rekninga.

Slik bestiller du eFaktura:

  1. Gå inn på nettbanken din.
  2. Registrer deg med kundenummeret i Lånekassen som eFakturareferanse. Kundenummeret ditt står på siste rekninga frå Lånekassen. eFakturareferansen er alltid sju siffer. Dersom du har eit kundenummer med færre siffer, skal det vere 0 (null) fyrst i talrekkja.

Neste rekning kjem i nettbanken din. Nettbankar som tilbyr eFaktura

Kva er positivt med å ha eFaktura

  • Billegare - du slipp å betale gebyret på kr 35 ved utsending av vanleg terminvarsel.
  • Riktige opplysningar – Rekninga er utfylt på førehand, derfor blir opplysningane alltid korrekte.
  • Enkelt – du kan kome deg rett frå fakturaen og inn på Dine sider på nettsidene til Lånekassen.
  • Påminning – du kan be om e-post frå nettbanken din når rekninga ligg klar.
  • Tilgjengeleg – du har alltid rekninga tilgjengeleg i nettbanken.
  • Oversikt – du ser kva rekningar som er betalte, og du kan samanlikne med forrige rekning.
  • Miljøvennleg – det blir mindre papirproduksjon og transport.

Eigen nettbank

For å inngå avtale om eFaktura frå Lånekassen må du vere nettbankbrukar. Du kan ikkje bestille eFaktura for andre enn deg sjølv, og nettbanken du bestiller frå, må vere registrert på fødselsnummeret ditt. Årsaka til det er at vi sender ut opplysningar på rekninga som kjem inn under teieplikta.