Purring og inkasso

Det er dyrt å ikkje betale lånet i tide. Ta kontakt dersom du får problem med å betale rekninga.

Purring

Dersom du ikkje betaler når du skal, og heller ikkje søkjer om betalingsutsetjing, sender Lånekassen ut andregongsvarsel (purring). Det blir då lagt på 280 kroner i gebyr. Dersom du framleis ikkje betaler eller søkjer om utsetjing, sender vi deg eit varsel om oppseiing av lånet. Det blir då lagt til eit gebyr på 490 kroner.

Ikkje fått den første rekninga?

Husk at du er pliktig til å betale i samsvar med betalingsplanen din sjølv om du ikkje har fått rekninga i posten. Vel du eFaktura, unngår du at rekninga ikkje når fram til deg. I tillegg slepp du gebyret på 35 kroner. Les meir om eFaktura.

Her kan du søkje om betalingsutsetjing

Oppseiing

Oppseiing av lånet vil seie at heile gjelda har forfalle til betaling. Når lånet er sagt opp, aukar renta med eitt prosentpoeng, og du får varsel om tvangsinnkrevjing. Dersom du ikkje ordnar opp, vil det bli sett i verk tvangsinnkrevjing gjennom Statens innkrevjingssentral.

Dersom lånet går til tvangsinnkrevjing, vil det bli lagt til fleire kostnader som du må betale.

Statens innkrevjingssentral har teke over Lånekassen sine inkassosaker

Stortinget har vedteke at Statens innkrevingssentral (SI) skal ta over innkrevjinga av studielån som er oppsagde av Lånekassen. 

Dette betyr at du må vende deg til SI om du har spørsmål knytt til innkrevjing. Når studielånet ikkje lenger er oppsagd, blir saken ført tilbake til Lånekassen.

Korleis kan du ordne opp?

  • ved å betale dei ubetalte terminbeløpa
  • ved å dokumentere rett til betalingsutsetjing for dei ubetalte terminbeløpa

Du skal framleis kontakte Lånekassen hvis du har spørsmål om:

  • betalingsletting
  • søknader om rentefritak ved m.a sjukdom, arbeidsløyse, omsorg og attføring
  • støtte til ny utdanning
  • ettergiving i Nord-Troms og Finnmark
  • sletting av lån ved uførheit

Du kan ta kontakt Lånekassen slik:

  • Telefon 04545, mandag-fredag, kl. 0900-1500
  • Telefaks til 22 64 26 36 
  • E-post til Lånekassen
  • Brev til: Lånekassen, Postboks 36 Kalbakken, 0901 OSLO

Kontakt Statens innkrevjingssentral (SI) dersom du har spørsmål om:

  • betalingsavtalar
  • trekk i løn/trygd
  • pant
  • konkursar
  • gjeldsordningar
  • innkrevjing i utlandet
  • ettergiving pga. økonomiske problem

Du kan ta kontakt med SI slik:

Telefon 75 14 94 00
Internett www.sismo.no
Brev til: SI, Postboks 455, 8601 Mo i Rana