Renter og gebyr

Studielånet er rentefritt under utdanninga, så lenge du får pengar frå Lånekassen til fulltidsutdanning.

Fast eller flytande rente

Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet. Du kan sjølv velje om du vil ha fast eller flytande rente. Du får flytande rente dersom du ikkje søkjer om fast rente.

Når du er ferdig med fastrenteperioden din, går du automatisk over til flytande rente. Du treng ikkje gi beskjed til Lånekassen om det.

Renta er marknadsstyrt

Renta følgjer svingingane i rentemarknaden elles, men Lånekassen ligg tre til seks månader etter marknaden elles. Det vil seie at når andre bankar set renta ned, går det tre til seks månader før Lånekassen set ned renta. Det du taper på dette, får du igjen når renta i marknaden går opp. Då vil Lånekassen setje opp renta tre til seks månader seinare enn andre bankar.

Det er Stortinget som har bestemt at renta skal vere marknadsstyrt.

Ekstra rente ved misleghald

Det blir rekna éin prosent høgare rente enn vanleg av heile lånet frå den datoen gjelda er sagt opp som ein følgje av misleghald.

Gebyr

Les om gebyr her