Forseinking - Avbrot - Endringar

Skjer det endringar, som at du til dømes flyttar eller stryk til eksamen, kan det bety at du skal ha meir eller mindre pengar frå Lånekassen.

Dersom du ikkje melder frå om endringane, kan du i somme tilfelle gå glipp av pengar. I andre tilfelle vil du få mindre pengar etter ei endring, men du har plikt til å melde frå likevel.

Du må melde frå til Lånekassen dersom du:

  • avbryt eller tek ein pause i utdanninga
  • skifter lærestad eller endrar den faglege planen
  • endrar bustadadresse og sivilstand

Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje pengane tilbake. Vi kan også nekte å gi deg meir utdanningsstøtte. Grove tilfelle kan bli melde til politiet.