Avbrot i utdanninga

Dersom du avbryt utdanninga, må du snarast gi melding til Lånekassen, slik at pengeoverføringa kan bli stoppa.

Dei periodane du har fått pengar frå Lånekassen, men manglar faglege resultat, vil bli rekna som ei forseinking. Du kan vere inntil eitt år forseinka og likevel få stipend og lån.

Tek du ein pause utan å få pengar frå Lånekassen, vil det ikkje ha noko å seie for sjansane dine til å få stipend og lån seinare. Du må berre vere klar over at det blir rekna renter på lånet ditt, og at du etter ca. sju månader vil få det første betalingskravet.

Dersom grunnen til avbrotet eller pausen er at du blei sjuk eller gravid, bør du lese om sjukestipend og fødselsstipend.

Avbrot frå studier i utlandet

Sluttar du på studier i utlandet, må du sende skriftleg melding til Lånekassen. Du må skrive kva som er datoen for avbrotet. Du må også leggje ved ei stadfesting på kor mykje du har betalt i skolepengar og om du får tilbakebetalt noko frå skolen.