Skifte av bustad eller buforhold

Korleis du bur, har mykje å seie for stipend- og lånebeløpet.

Høgare og anna utdanning

Du får utdanningsstipend når du har flytta frå foreldra dine. Bur du i same hus som foreldra dine, får du ikkje stipend sjølv om du bor i eigen leilighet eller betaler husleige heime. Du blir også rekna som heimebuar dersom du bur i ein bustad som høyrer til huset der foreldra dine bur. Heile støtta blir gitt som lån, og lånet blir ikkje gjort om til stipend når utdanninga er fullført. For å få stipend når du og foreldra dine bur i same hus, må de bo i atskilte boeiningar i eit hus som har fleire en fire sjølvstendige og klart atskilte boeingar.

Flyttar du frå eller til foreldra dine i løpet av søknadsperioden, må du sende skriftleg melding til Lånekassen og opplyse om flyttedatoen og den nye adressa di.

Flytting kan også føre til at du skal ha meir eller mindre reisestipend enn du eventuelt har fått. Når du melder frå om flytting, vil vi rekne ut støttebeløpet på nytt.

Vidaregåande opplæring

Dersom du må flytte for deg sjølv, kan du få bustipend. For å få bustipend er det visse krav som blir stilte. Du må bu for deg sjølv, og i tillegg må minst eitt av desse krava vere oppfylte:

  • Skolen ligg minst 40 km frå foreldreheimen
  • Reisetida mellom heim og skole er minst tre timar tur-retur
  • Det er spesielle forhold som gjer at du ikkje kan bu heime medan du går på skolen

Flytter du tilbake til foreldra dine, har du ikkje lenger rett på bustipend.

Flytting kan også føre til at du skal ha meir eller mindre reisestipend enn du eventuelt har fått.