Rentefritak - sletting av renter
Rentefritak vil seie at rentene på lånet ditt blir sletta for ein periode.
Du kan ha rett til rentefritak i mange ulike situasjonar dersom du har hatt låg inntekt. Inntektsgrensa i 2007 er 14 980 kroner brutto per månad + 1 500 kroner for kvart barn under 16 år. I nokre høve er grensa lågare. Les meir under dei ulike situasjonane i menyen til venstre.
OBS! For å få rentefritak er det ikkje nok at du har låg inntekt. Du må også dokumentere arbeidsløyse, sjukdom, omsorg for barn eller ein annan situasjon som gir rett til rentefritak. Sjå menyen til venstre.
Har du vore heilt utan inntekt i ei periode, kan Lånekassen godta at du sender inn ei egenerklæring. Du må i tillegg dokumentere at du i det same tidsrommet har vore i ei situasjon som gjev rett til rentefritak.
Konsekvensar av rentefritak - berre gode!
Rentefritak er svært gunstig fordi vi slettar dei rentene som har blitt lagt til lånet ditt i den perioden du får rentefritak for. Rentefritak fører ikkje til at terminbeløpet blir lågare, men at nedbetalingstida blir kortare. Får du rentefritak for ein periode, men vel å betale i den same perioden, vil du krympe nedbetalingstida endå meir. Får du rentefritak og betalingsutsetjing i den same perioden, blir gjelda di i realiteten frosen i denne tida. Nedbetalingstida blir forskyvd tilsvarande den perioden du får rentefritak for, utan at du totalt sett må betale fleire kroner tilbake til Lånekassen.
Døme på rentefritak med og utan betalingsutsetjing - 2,8 %
| Lån kr 200 000 |
Nedbetalingstid |
Effektiv rente |
Renter totalt |
Sum innbetalt |
| Ordinær betalingsplan |
20 år 2 md. |
2,94 % |
kr 63 550 |
kr 263 550 |
| Rentefritak i 12 månader rett etter avslutta utdanning |
19 år 8 md. |
2,64 % |
kr 54 082 |
kr 254 082 |
| Rentefritak i 12 månader rett etter avslutta utdanning og betalingsutsetjing dei fire første terminane |
21 år 2 md. |
2,66 % |
kr 63 550 |
kr 263 550 |
Tabellen føreset ein rentesats på 2,8 prosent for heile nedbetalingsperioden.
Døme på rentefritak med og utan betalingsutsetjing - 3,6 %
| Lån kr 200 000 |
Nedbetalingstid |
Effektiv rente |
Renter totalt |
Sum innbetalt |
| Ordinær betalingsplan |
20 år 2 md. |
3,76 % |
kr 83 677 |
kr 283 677 |
| Rentefritak i 12 månader rett etter avslutta utdanning |
19 år 2 md. |
3,35 % |
kr 69 562 |
kr 269 562 |
| Rentefritak i 12 månader rett etter avslutta utdanning og betalingsutsetjing dei fire første terminane |
21 år 2 md. |
3,39 % |
kr 83 677 |
kr 283 677 |
Tabellen føreset ein rentesats på 3,6 prosent for heile nedbetalingsperioden.