Rentefritak under arbeidsløyse
Dersom du har vore registrert arbeidsledig, kan du få rentefritak.
Krav
- Arbeidsløysa må ha vart i minst tre månader samanhengande.
- Inntekta di må ikkje ha vore over kr 14 980 brutto per månad. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 1 500 for kvart barn.
Slik søkjer du
Bruk søknadsblankett I. Skriv ut blanketten her. Betalingsutsetjing søkjer du om før terminforfall, rentefritak kan du berre søkje om for periodar som er tilbakelagde. Har du rett til rentefritak, har du også rett til betalingsutsetjing.
Dokumentasjon:
- Stadfesting frå NAV på perioden du har vore registrert ledig, og på brutto månadsinntekt i perioden.
- Stadfesting på arbeidsinntekt dersom du har vore delvis ledig.
- Stadfesting på anna skattbar inntekt.
- Fødselsattest for barn du forsørgjer.