Rentefritak under sjukdom, attføring og rehabilitering
Blir du langvarig sjuk og tener lite, kan du få sletta renter.
Krav
- Sjukdommen, rehabiliteringa eller attføringa må ha vart i minst tre månader samanhengande
- Inntekta di må ikkje ha vore over kr 14 980 brutto per månad. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 1 500 for kvart barn.
Er du innvilga tidsavgrensa uførestønad, kan du få rentefritak etter reglane over. Les også om sletting av gjelda til varig uføre.
Slik søkjer du
Bruk søknadsblankett I. Skriv ut blanketten her. Betalingsutsetjing søkjer du om før terminforfall, rentefritak kan du berre søkje om for periodar som er tilbakelagde. Har du rett til rentefritak, har du også rett til betalingsutsetjing.
Dokumentasjon:
- Stadfesting frå lege, NAV eller trygdekontor på perioden du har vore sjuk eller under attføring/rehabilitering.
- Stadfesting på den samla brutto månadsinntekta di i perioden.
- Fødselsattest for barn du forsørgjer.