Rentefritak under langvarig soning

Du kan få sletta renter under langvarig soning.

Krav

  1. Du må ha sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader samanhengande.
  2. Bruttoinntekta di per månad må ikkje ha vore over 10 655 kroner i gjennomsnitt i den same perioden. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 1 500 for kvart barn.
  3. Den samla inntekta for deg og ektefellen, sambuaren din eller den registrerte partnaren din må ikkje vere høgare enn 29 960 kroner brutto per månad. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 3 000 for kvart barn. Som sambuar blir berre rekna sambuar du har felles barn med.

Slik søkjer du

Bruk søknadsblankett I. Skriv ut blanketten her. Betalingsutsetjing søkjer du om før terminforfall, rentefritak kan du berre søkje om for periodar som er tilbakelagde. Har du rett til rentefritak, har du også rett til betalingsutsetjing.

Dokumentasjon:

  1. Stadfesting frå fengsel eller sikringsanstalt på periode og brutto månadsinntekt i perioden.
  2. Stadfesting på brutto månadsinntekt til ektefelle, sambuar eller registrert partnar.
  3. Fødselsattest for barn du forsørgjer.