Rentefritak under militær og sivil verneplikt
Når du avtener militær og sivil verneplikt, kan du få rentefritak.
Det same gjeld for låntakarar som er elevar ved militære skolar. Statsborgarar frå EU-/EØS-land kan få rentefritak når dei avtener verneplikt i heimlandet.
Krav
- Tenesta må vare i minst tre månader samanhengande.
- Inntekta di må ikkje vere over kr 14 980 brutto per månad. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 1 500 for kvart barn.
Slik søkjer du
Bruk søknadsblankett I. Skriv ut blanketten her. Betalingsutsetjing søkjer du om før terminforfall. Hugs å sende inn søknad om rentefritak etter at du er ferdig med tenesta, elles taper du pengar!
Dokumentasjon: Du må få stempel og underskrift frå militær styresmakt eller siviltenesteadministrasjonen. Det kan gjerast direkte på søknadsblankett I. Du kan også bruke ein stadfesta kopi av vernepliktsboka eller dimisjonsattesten.