Rentefritak ved tillitsverv i student- og elevorganisasjon

Har du tillitsverv i student- og elevorganisasjon, kan du få sletta renter.

Krav

  1. Du må ha hatt tillitsverv på fulltid i ein landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad
  2. Tillitsvervet må ha vart i minst tre månader samanhengande
  3. Inntekta di må ikkje vere over kr 14 980 brutto per månad. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka med kr 1 500 for kvart barn

Slik søkjer du

Bruk søknadsblankett I. Skriv ut blanketten her. Betalingsutsetjing søkjer du om før terminforfall, rentefritak kan du berre søkje om for periodar som er tilbakelagde. Har du rett til rentefritak, har du også rett til betalingsutsetjing.

Rentefritak kan bli gitt i inntil tolv månader.