Forseinking i utdanninga
Stryk du til eksamen, eller treng du meir tid før du tek eksamen? I begge tilfella blir du truleg forseinka i utdanninga.
Når du blir forseinka i fulltidsutdanning, kan Lånekassen gi støtte i inntil eitt år i tillegg til vanleg studietid. Frå og med skoleåret 2006-2007 kan du få støtte til forseinking i deltidsutdanning etter dei same reglane som for fulltidsutdanning.
Du blir rekna som fagleg forseinka dersom du
- stryk til eksamen eller utset han
- tek eksamen om igjen, slik at du bruker meir enn normert tid
- avbryt utdanninga utan å bestå eksamen
Når du har fått støtte for eit studieår, vil vi kontrollere dei faglege resultata. For utdanning i Noreg får Lånekassen eksamensresultata overførte automatisk frå lærestadene.
Du kan "hente inn" forseinkinga ved å ta utdanning utan støtte frå Lånekassen.
Er du meir enn eit år forseika, kan vi likevel vurdere å gi deg støtte dersom forseinkinga skuldast redusert funksjonsevne, fødsel eller sjukdom.