Effektiv rente
Effektiv rente skal synleggjere alle kostnadene ved eit lån, altså både renter og gebyr. Nominell rente er rentesatsen på lånet.
Det er vanleg å rekne effektiv rente frå den dagen lånet blir utbetalt. For lån i Lånekassen vil den effektive renta bli lågare enn den nominelle renta, sidan lånet er rentefritt i utdanningstida.
Reknar vi effektiv rente frå den dagen lånet blir sett renteberande, blir den effektive renta høgare enn den nominelle renta, sidan du må betale renter og gebyr. Med eFaktura blir det ikkje stor forskjell på nominell og effektiv rente.