Betalingsutsetjing og rentefritak

Du kan søkje om rentefritak og betalingsutsetjing sjølv om lånet ditt er oppsagt.

Betalingsutsetjing og rentefritak

Du kan søkje om både rentefritak og betalingsutsetjing for forhold tilbake i tid. Dersom du får betalingsutsetjing med heile terminbeløpet, vil oppseiinga av lånet bli oppheva. Det vil seie at du vil få vanleg terminvarsel kvart kvartal.

Rentefritak

Dersom du skal få sletta renter, må du ha hatt låg inntekt og i tillegg ha vore i ein av desse situasjonane:

  • militær eller sivil verneplikt
  • arbeidsledig
  • sjuk eller under attføring/rehabilitering
  • sosialstønad som einaste inntekt
  • fødsel
  • omsorg for barn eller eldre/uføre i nær familie
  • fulltidsarbeid med låg inntekt i tolv månader
  • soning
  • utdanning

Les meir om rentefritak

Betalingsutsetjing

Du kan få betalingsutsetjing dersom du har rett til rentefritak. Du kan også få betalingsutsetjing utan å oppgi nokon spesiell grunn. Dersom lånet ditt har vore oppsagt i lang tid, eller dersom tvangsinnkrevjing er i gang, kan søknaden om utsetjing likevel bli avslått.

Les meir om betalingsutsetjing

Slik søkjer du

Dersom du meiner du har rett til betalingsutsetjing eller rentefritak, bør du sende ein søknad snarast. Skriv brev, eller bruk blankett I.

Du må dokumentere

  1. kor lenge du har vore i denne situasjonen
  2. kor mykje inntekt du har hatt i denne tida (all skattepliktig inntekt per månad)
  3. kor mange barn du forsørgjer (fødselsattest)