Innfriing av studielånet

Slik innfrir du

  1. Bruk Dine sider for å få vite restgjelda di. Hugs at dersom det passerer eit månadsskifte før innbetalinga blir registrert i Lånekassen, blir det lagt til renter for ein månad til. Dersom du ikkje betaler inn dette beløpet også, vil det bli ståande igjen ei restgjeld du seinare vil få krav om å betale.
  2. Bestill giro for innbetaling dersom du treng det. Det kostar ingenting.
  3. Betal til Lånekassen sitt kontonummer 7694.05.12928. Hugs KID-nummer dersom du betaler via telegiro eller nettbank. Du finn KID-nummeet ditt på Dine sider.

Obs!

Har du lån som skal omgjerast til stipend etter bestått eksamen, må du ikkje betale tilbake heile lånet, men la det stå igjen like mykje som det beløpet som skal omgjerast.  Innfrir du heile lånet før omgjeringa, misser du stipendet, for pengane blir ikkje utbetalte

Har du fast rente, bør du lese meir om ekstrainnbetaling eller innfriing.

Les dette før du innfrir:

Dersom du vil innfri eller refinansiere, bør du tenkje på at lån i Lånekassen har somme fordelar:

  • har sosiale ordningar som vanlege bankar ikkje har
  • er personleg gjeld utan tryggleik
  • har ei gratis gjeldsforsikring om du skulle bli ufør eller døy