Betalingsplan

Betalingsplan og rentebelastning

Lånet er rentefritt så lenge du får pengar frå Lånekassen. (Er du i deltidsutdanning, vil tidlegare lån bli rentebelasta.) Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet. Du får ein betalingsplan i posten ca. fire månader etter dette. I betalingsplanen ser du kor mykje du skal betale i renter og avdrag (terminbeløp).

Første innbetalinga

Du får ein betalingspause på ca. sju månader etter at utdanninga er avslutta. Hugs at det blir lagt til renter kvar månad, og at gjelda dermed aukar i denne perioden.

Fire innbetalingar i året

Faste terminforfall er 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.

Renta - fast eller flytande

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett for tre månader om gongen.

Du kan velje mellom flytande rente, som blir fastsett for tre månader om gongen, eller fast rente for ein avtalt periode (tre eller fem år). Du må sjølv søkje om fast rente, f.eks. via Dine sider. Frå 2007 kan du og søkje via via Miside på norge.no. Der treng du kodar frå skattekortet ditt for 2007.

Eksempel på betalingsplanar med ulike rentesatsar