Månadleg betaling

Du kan gjerne betale kvar månad, men det er framleis kvartalsordninga som gjeld. Det vil seie at du må innrette deg etter den når du betaler.

Slik gjer du det

Lånekassen har fire faste forfall i året: 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november. Del terminbeløpet i tre, og pass på at heile summen er betalt innan fristen.

Eksempel

Du må betale rekninga for november med ein tredjedel i september, ein tredjedel i oktober og ein tredjedel før betalingsfristen i november. Du kan anten bruke nettbank, telegiro, eller bestille ekstra giroar frå Kassafonen på telefon 04545 eller Dine Sider.

Kor mykje sparer du?
Det er ikkje så mange kroner å spare på å betale månadleg i staden for kvartalsvis, men det kan gi deg betre styring med økonomien.

Sjå døme på månadleg nedbetaling med ulike rentesatsar

Velg eFaktura - spar pengar

Vel du eFaktura slepp du varslingsgebyret på 35 kroner per forfall. Du kan bruke eFaktura sjølv om du betalar kvar månad. Du kan endre beløpet og betalingsdato som står på eFakturaen du får sendt til nettbanken din. Har du allereie betalt inn nok til å dekke terminbeløpet, kan du slette eFakturaen. 

 Les meir om eFaktura.