Raskare nedbetaling

Du kan betale ekstra på studielånet så ofte og så mykje du vil.

Ekstra innbetalingar fører til kortare nedbetalingstid. Du betaler berre renter for den gjelda du faktisk har i Lånekassen.
Obs dersom du har fast rente: Har du fast rente, må du vere merksam på at ekstrainnbetalingar i somme tilfelle gjer at du må betale ei renteerstatning til Lånekassen. Les meir om renteerstatning ved ekstra innbetalingar.

Slik betaler du ekstra

  • Betal over nettbank eller telegiro. Hugs KID-nummer, som du finn på gamle rekningar eller på Dine sider. Kontonummeret til Lånekassen er 7694.05.12928.
     
  • Bestill giroar frå Lånekassen. Det kostar ingenting.

Betaler du inn ekstra slik at nedbetalingstida blir kortare, kan du søkje om å få terminbeløpet sett ned slik at nedbetalingstida blir den same som før ekstrainnbetalinga. Terminbeløpet kan ikke bli sett lågare enn kr 1 000.

Rentefrådrag på skatten

Renter som er betalt, kan du trekkje frå inntekta di på sjølvmeldinga. Det er ikkje nok at rentene er påløpt, dei må vere betalt. Vi sender opplysningar til Skatteetaten om kor mykje renter du har betalt.

 Sjå døme på raskare nedbetaling med ulike rentesatsar