Forskottsbetaling

Dersom du vil betale ein termin på forskott, kan du fritt gjere det. Du vil likevel få terminvarsel for denne terminen. På varselet vil det stå at terminbeløpet er betalt, heilt eller delvis, og kor mykje som eventuelt står igjen. Er heile beløpet betalt, kan du sjå bort frå varselet.

Er heile terminbeløpet registrert betalt når vi sender ut terminvarsel, vil vi ikkje leggje til gebyr på terminvarselet.