Betaling frå utlandet
Fleire måtar å betale på
Norsk bankkonto
Det billegaste og enklaste for deg er å ha ein norsk bankkonto. Du kan då kvittere på terminvarselet og sende det til banken for å få overført pengane til oss. Bur du i Norden, kan du betale frå ein lokal postgirokonto. Bankane sin eurosjekk kan ikkje lenger brukast i Noreg.
Nettbank eller telegiro
Du kan bruke nettbank eller telegiro dersom overføringa skjer frå ein norsk bankkonto.
Utanlandsk bankkonto
Dersom du ikkje har konto i ein norsk bank, bør du be den lokale banken din gjere ei SWIFT-overføring til oss. Hugs å skrive kundenummeret, KID-nummeret eller fødselsnummeret ditt på overføringa. For at overføringa skal gå så raskt som råd, må pengane sendast til denne SWIFT-adressa:
Statens lånekasse for utdanning
Postboks 195 Økern
NO-0510 Oslo
Bank: DnB NOR
SWIFT/BIC: DNBANOKKXXX
A/C for international payments: NO55 7694 0512 928 (IBAN nr.)
Postadressa til banken er:
DnB NOR ASA
N-0021 OSLO
Kontonummeret til Lånekassen er nytt frå mars 2007.
Sjekk
Du kan også betale med sjekk. Du bør då kjøpe ein bankremisse i lokal valuta. Betaler du med privatsjekk som er gyldig i Noreg, må du skrive den i lokal valuta (ikkje NOK). Hugs å skrive kundenummeret, KID-nummeret eller fødselsnummeret ditt på sjekken. Betaling med sjekk er den betalingsmåten som tek lengst tid.
Spare bankgebyr?
Utanlandske bankar tek ofte høge gebyr for å overføre pengar. Dersom du betaler fleire terminbeløp for eit kalenderår samtidig, kan du spare pengar. Du vil likevel få tilsendt terminvarsel, men det vil gå fram av teksten at du har betalt terminbeløpet tidlegare. Det er viktig at du les meldingane på varsla nøye. Står det ikkje noko om forskottsbetalinga di, må du ta kontakt!
Årsoppgåve
I januar kvart år får du tilsendt ei årsoppgåve som viser kor mykje du har betalt i renter og avdrag året før, og kor stor restgjelda di er. Sidan du bur i utlandet, er det lagt ved ei kort omsetjing (engelsk/tysk/fransk), slik at oppgåva kan brukast som dokumentasjon til likningsetaten der du bur.