Studieprogresjon
Når du har fått støtte for eit studieår, vil vi kontrollere dei faglege resultata. For utdanning i Noreg får Lånekassen eksamensresultata overført automatisk frå lærestadene.
Studerer du i utlandet, må du sjølv sende inn vitnemålet for graden når utdanninga er fullført. Tek du utdanning i utlandet som varer i meir enn fire år, vil vi også be om eksamensresultata dine undervegs i utdanninga.
Forseinking
Når du blir forseinka, kan det bli gitt støtte i inntil eitt år meir enn vanleg studietid (inntil eit halvt år dersom kurset varer i berre eit halvt år).
Du blir rekna som forseinka i utdanninga dersom du
- stryk til eksamen eller utset eksamen
- avbryt utdanninga utan å stå til eksamen
- tek om igjen eit bestått fag for å forbetre karakteren
Lånekassen ser bort frå forseinking i periodar du får fødselsstipend eller sjukestipend.
Du kan "hente inn" forseinkinga ved å ta utdanning utan støtte frå Lånekassen.