Fødsel og adopsjon under utdanninga

Får du barn under utdanninga, kan du ta permisjon ein periode. Du får pengar frå Lånekassen i opptil 42 veker.

Fødselsstipend

Får du barn mens du er i utdanning, kan du få fødselsstipend. Dette gjeld både ved fødsel og adopsjon. Fødselsstipend betyr at du får heile støttebeløpet som stipend i ein periode på opptil 42 veker. Les meir om dette nedanfor.

Vilkåra for å få fødselsstipend er at du har opptak i ei utdanning og:

  • at du har hatt rett til stipend eller lån frå Lånekassen dei siste seks månadene før fødselen/adopsjonen (vi kan gjere unnatak ved prematur fødsel)
  • at du bur saman med barnet
  • at din eventuelle ektefelle eller sambuar ikkje samstundes mottek foreldrepengar (fødselspengar) frå folketrygda. Vi kan gjere unnatak dersom du brukar ordninga med graderte foreldrepengar (tidskonto)

Til mor eller far

Både kvinner og menn kan få fødselsstipend dersom vilkåra over er oppfylt. Begge foreldra kan ikkje få fødselsstipend samstundes.

Fødselsstipend i inntil 42 veker

Tre veker før og seks veker etter fødselen er det berre mor som kan få fødselsstipend. Resten av perioden, 33 veker, kan det bli gitt stipend til mor eller far – men ikkje til begge samstundes. Adopterer du barn under 15 år, kan du få fødselsstipend i inntil 39 veker etter adopsjonen. Faller deler av denne perioden i sommarferien, kan du få fødselsstipend også for denne perioden.

Permisjon frå utdanninga

Tek du permisjon frå utdanninga, kan du framleis få fødselsstipend. Men husk: Skal du ta permisjon tidlegare enn tre veker før fødselen, må dette være på grunn av sjukdom eller av faglege årsaker, dersom ikkje kan du miste retten til fødselsstipend. Tek du permisjon i meir enn tre veker før fødselen, kan du miste retten til støtte i tida fram til tre veker før fødselen.

Sjukemeldt

Er du sjukemeldt i deler av svangerskapet, kan du ha rett til sjukestipend. Lånet du har fått for sjukdomsperioden, kan då bli gjort om til stipend. Du må ha vært sjuk i meir enn to veker og forhindra frå å følgje undervisninga. Les meir om sjukestipend.

Når du får barn om sommaren

Var du i utdanning om våren, vil sommarferien telle med i dei seks månadene du må ha vore i utdanning før fødselen. Du kan få fødselsstipend for sommaren.

Når du får barn på slutten av utdanninga

Du kan ha rett til fødselsstipend i perioden fram til utdanninga er ferdig, og eventuelt for sommarferien. For å ha rett til fødselsstipend for neste semester, må du enten vere i utdanning eller ha permisjon frå ei utdanning. Du bør derfor søkje om opptak for neste semester sjølv om du har tenkt å ta ein pause frå utdanninga for å være heime med barnet. Når du har fått opptaket, kan du søkje permisjon frå utdanninga.

Kor mykje?

Fødselsstipendet tilsvarer det du maksimalt kan få i stipend og lån i dei aktuelle vekene. Det du kan få ekstra fordi du har barn å forsørgje (forsørgjarstipend), er også inkludert. Forskjellen frå vanleg støtte, er at du i perioden med fødselsstipend får heile summen utbetalt som stipend og ingenting som lån.

Forsørgjarstipend

Forsørgjarstipend er et stipend elever og studentar som har barn dei bur saman med, kan få i tillegg til vanlig stipend og lån. I fødselsstipendperioden inngår forsørgjarstipendet i den summen du får som fødselsstipend. Forsørgjarstipendet er på 1 3 20 kroner per månad for kvart av dei to første barna, og 850 kroner for kvart av dei neste. Stipendet blir behovsprøvd mot inntekta til eventuell ektefelle/sambuar. Er bruttoinntekta hans/hennar over 22 250 kroner per månad, blir stipendet redusert eller fell bort.

Eksempel på fødselsstipend når du har eitt barn

Vanleg vidaregåande opplæring - fulltidsutdanning* per månad 
- eitt barn
 
Ektefelle/sambuar har brutto månedsinntekt under kr 22 250 kr 7 820 **
Ektefelle/sambuar har brutto månedsinntekt over kr 24 450 kr 6 500 **
Einsleg forsørgjar m/overgangsstønad og minstebidrag kr 1 230

** Er du elev på Vg1, Vg3 (VKII) eller er du lærling, kjem læremiddelstipendet på kr 360 per månad i tillegg.

** Er du elev på Vg2, kjem utstyrsstipend i tillegg. Kor mykje utstyrsstipend du får, avheng av kva for eit utdanningsprogram du går på. Les meir på www.lanekassen.no/utstyrsstipend.

Høgare og anna utdanning - fulltidsutdanning* per månad 
- eitt barn 
Ektefelle/sambuar har brutto månedsinntekt under kr 21 290 kr 9 610
Ektefelle/sambuar har brutto månedsinntekt over kr 23 440 kr 8 290
Einsleg forsørgjar m/overgangsstønad og utdanningsstønad kr 9 610

* Er du i deltidsutdanning, vil du få stipend i forhold til studiebelastninga di.

Forseinking

Dersom du er forseinka i utdanninga (stryk, utset eksamen eller avbryt) kan vi normalt gi støtte til forseinking i inntil eitt år utover normert tid. Dersom du er meir enn eitt år forseinka fordi du har vore sjuk eller fått barn, kan vi gi støtte ut over eitt års forseinking.