Søknad om fødsels- og forsørgjarstipend

Første gang du søkjer om stipend og lån for undervisningsåret, bruker du nettsøknaden på www.lanekassen.no. Går du i vanleg vidaregåande opplæring, bruker du søknadsblankett A (papirblankett).

I søknaden oppgir du når du ventar barnet og gir opplysningar om eventuell ektefelle/sambuar. Når du har fått barnet, søkjer du om fødselsstipend og/eller forsørgjarstipend.

Fødselsstipend

Fyll ut blankett G eller skriv eit brev til Lånekassen og legg ved:

  • Fødselsattest/fødselsmelding for barnet eller dokumentasjon på adopsjonsdato
  • Er du sambuar med felles barn eller gift må du:
  • Oppgi fødselsnummeret til sambuaren/ektefellen din (11 siffer)
  • Dokumentere brutto inntekt/stønad/trygd til sambuaren/ektefellen din
  • Stadfesting på om sambuaren/ektefellen din skal ha fødselspermisjon frå arbeid, og i så fall for kva periode.
  • Opplysningar om du skal ha permisjon frå utdanninga. Skal du ha permisjon, må du sende inn stadfesting frå lærestaden på permisjonsperioden.
  • Har du ikkje daglig omsorg for barnet, må du dokumentere minst 40 prosent samvær.

Forsørgjarstipend

Stipendet blir automatisk vurdert når du søkjer fødselsstipend. Skal du berre søkje om forsørgjarstipend, skriv du eit brev til Lånekassen og legg ved:

  • Fødselsattest/fødselsmelding for barnet eller dokumentasjon på adopsjonsdato.
  • Er du sambuar med felles barn, gift eller registrert partner må du:
  • Oppgi fødselsnummeret til sambuaren/ektefellen/partneren din (11 siffer).
  • Dokumentere brutto inntekt/stønad/trygd til sambuaren/ektefellen/partneren din.
  • Har du ikkje daglig omsorg for barnet, må du dokumentere minst 40 prosent samvær.

Behandling av søknaden og utbetaling

I første omgang får du utbetalt vanleg stipend/lån. Når barnet er født og vi har motteke fødselsattest/stipendmelding og annen nødvendig dokumentasjon, behandlar vi søknaden om fødselsstipend. Det er fødselsdatoen, ikkje termindatoen, som bestemmer perioden med fødselsstipend. Har du fått utbetalt lån for den perioden du skal ha fødselsstipend, blir lånet gjort om til fødselsstipend. Vidare får du utbetalt det du eventuelt skal ha ekstra i forsørgjartillegg eller forsørgjarstipend. Fødselsstipendet blir overført månadleg til kontoen din.

Søknadsfrist

Søknaden om fødselsstipend med nødvendig dokumentasjon må vere komen til Lånekassen seinast tolv månader etter fødselen. Søknad om forsørgjarstipend må kome inn til Lånekassen før undervisningsåret/kurset er omme.