Statsborgarskap
Som hovudregel må du vere norsk statsborgar, men også utanlandske statsborgarar kan ha rett til støtte. Er du utanlandsk statsborgar, kjem det an på kvar du kjem frå, kva tilknyting du har til Noreg, og på kva grunnlag du har fått opphald her.
Dersom du er utanlandsk statsborgar som har lovleg opphald og tek utdanning i Noreg, får du utdanningsstøtte på same vilkår som norske statsborgarar dersom du
- har fått asyl, beskyttelse eller opphold av humanitære årsaker.
- er gift, sambuar med felles barn eller partner med norsk statsborgar, og begge bur i Noreg.
- har fått arbeids- eller opphaldstillatelse i familiegjenforeneining med norsk eller utanlandsk statsborgar, eller bosetjingsløyve på grunnlag av slik tillatelse.
- har fått arbeids-, oppholds- eller bosettingstillatelse fordi du er barn under 19 år av ein person som har arbeids-, oppholds- eller bosetjingsløyve i Noreg. Det er ein føresetnad at forsørgjerane dine bur i og er skattepliktige til Noreg.
- har fått oppholdstillatelse etter ordninga for nordmenn som har utvandra til Kola, og etterkommarane deira.
- har vore busatt i og har hatt samanhengjande fulltidsarbeid i Noreg i minst 24 månader like før undervisningsåret, og har betalt skatt til Noreg i denne perioden. Du må ha hatt opphaldstillatelse som arbeidstakar i perioden.
- har teke fulltidsutdanning i Noreg dei tre siste åra med normert studieprogresjon utan støtte frå Lånekassen. Dersom du har teke deltidsutdanning, må du ha teke utdanning tilsvarande tre års fulltidsutdanning.
Frå eit EØS-land
Er du frå eit EØS-land, det vil seie frå et land i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, kan du ha rett til stipend og lån. Vilkåret er at du er komen til Noreg som arbeidstakar og har hatt arbeid her. I tillegg krever vi at det er ein fagleg samanheng mellom arbeidet ditt i Noreg og den utdanninga du søkjer støtte til. Dersom du har blitt ufrivilleg arbeidslaus, fell kravet om fagleg samaheng bort.
Dersom du er gift med, eller du er barn av ein EØS-borger som har sosiale rettigheiter i Noreg, kan du få støtte frå Lånekassen.
Har du budd i Noreg i to av dei siste fem åra, kan du også få støtte til utdanning i utlandet.
Vilkåra finn du i forskriftene første del.
Universiteta og høgskolane i Noreg tek kvart år opp eit visst antall studentar frå Sentral- og Aust-Europa, Sentral-Asia, utviklingsland og frå palestinske universitet til særskilde utdanningsprogram (kvoteprogram). For å få vite kva for lærestader og utdanningar programma gjeld for, kan du ta kontakt med universiteta og høgskolane i Noreg. Les meir om kvotestudentar.
Kva støtte kan du få?
Støtte frå Lånekassen er stipend og lån som skal dekkje utgiftene til å studere i Noreg. Stipendet er pengar du får, lånet må du betale tilbake. Har du barn som har opphaldstillatelse og bur i Noreg saman med deg, kan du få meir i stipend. Dersom du har inntekt ved sida av studiene, kan støtta bli redusert.