Kvotestudent
Universitetene og høyskolene i Norge tar hvert år opp studenter fra utviklingsland og land i Sentral- og Øst-Europa og Sentral-Asia, til spesielle utdanningsprogram ("kvoteprogram").
For å få vite kva for lærestader og utdanningar programma gjeld for, kan du ta kontakt med Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) eller universiteta og høgskolene i Noreg.
Programma omfattar normalt kurs på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og einskilde profesjonsutdanningar. Du må ha minst to års høgare utdanning for å bli tatt opp i eit slikt program, men ved einskilde profesjonsutdanninger blir det gjort unnatak frå det kravet. Undervisninga foregår anten på norsk eller engelsk.
For å få stipend og lån frå Lånekassen må du ha:
- fått studieplass på eit slikt program
- oppholdstillatelse i Noreg for å ta utdanning
- som plan at du skal bruke utdanninga i heimlandet
Særskilde reglar for tilbakebetaling
Dersom du har fått lån frå Lånekassen til ei utdanning som inngår i dette programmet, blir studiegjelda di sletta når du flyttar tilbake til heimlandet ditt og blir buande der. Buset du deg i Noreg, eller i eit anna land enn heimlandet ditt, blir gjelda di ikkje sletta. Då må du betale lånet ditt tilbake.
Når du flyttar frå Noreg, må du ta kontakt med Lånekassen for å få vite kva for reglar for tilbakebetaling som gjeld for deg.