Forskrift om tilskott til dekning av skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar

Norske statsborgarar og statsborgarar frå EØS-land som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Norge eller i utlandet, og som har krav på støtte frå Statens lånekasse for utdanning, får tilskott til dekning av skolepengar når skolepengane ikkje er dekte av andre. Elevar i utdanningstilbod der skolen får statstilskott, kan ikkje få tilskott.

Tilskott blir gitt med 85 prosent av skolepengane, avgrensa oppover til 85 prosent av ein normalsats rekna ut frå gjennomsnittlege driftsutgifter i den offentlege vidaregåande skolen.

Send søknaden til Statens lånekasse for utdanning på særskild blankett. Legg ved stadfesting frå skolen som viser opptak og storleiken på skolepengane. Utbetalinga kjem til vanleg kvart halvår.

Søkjaren plikter straks å melde frå om endringar som har innverknad på stønadstildelinga, for eksempel avbrot i utdanninga. Tilskottet kan bli kravd tilbakebetalt dersom skolegangen ikkje blir fullført som planlagt.

Søknad om tilskott til dekning av skolepengar må vere kommen til Lånekassen innan 15. mars i det undervisningsåret det blir søkt om tilskott til.

Klagenemnda i Lånekassen er klageinstans etter kap. VI i forvaltningsloven om enkeltvedtak om tilskott til skolepengar.