Finansdepartementet
Finansdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Publikasjonar frå Finansdepartementet

Her finn du Finansdepartementets publikasjonar, utgreiingar (NOU-ar), rapportar, arbeidsnotat og informasjon om statsbudsjettet. Når det gjeld nasjonal- og statsbudsjettet er dokumenta samla på eigne samlesider under Budsjetter.

Kort om publikasjonane

Regjeringa vender seg til Stortinget gjennom proposisjonar og meldingar:

Stortingsmeldingar (St.meld.) vert nytta når regjeringa vil presentere saker til Stortinget utan at dei er knytte til forslag til lov- eller plenarvedtak. Stortingsmeldingar vil ofte ha karakter av å vere ein rapport til Stortinget om arbeid som er gjort på eit spesielt felt, eller drøfting av og forslag til framtidig politikk. Meldingane, og behandlinga i Stortinget, vil ofte danne grunnlaget for ein seinare proposisjon.

Stortingsproposisjonar (St.prp.) vert nytta når regjeringa ber Stortinget om å fatte vedtak som ikkje er lovvedtak. Det kan gjelde forslag knytt til statsbudsjettet eller andre forslag til vedtak. Stortingsproposisjonar vert behandla av eit samla Storting og avgjort ved plenarvedtak.

Odelstingsproposisjonar (Ot.prp.) vert nytta i lovsaker, anten det gjeld forslag til nye lover eller oppheving eller endring av eksisterande lover. Ved behandlinga av lovsaker deler Stortinget seg i Odelsting og Lagting.

Odelstingsmeldingar (Ot.meld.) vert nytta i lovsaker når regjeringa trekkjer tilbake lovforslag eller deler av lovforslag.

I tillegg set departementet ned utval og arbeidsgrupper som kjem med utgreiingar. Desse kan anten kome som NOU (Noregs Offentlige Utgreiingar ) eller rapport.

Publikasjonane utgjer ein viktig del av saksgangen i Stortinget. Sjå saksgang i Stortinget her.

Bestilling av publikasjonar

Offentlege publikasjonar kan bestillast frå Akademika, tlf: grønt nr. 800 80 960.

Offentlege institusjoner kan bestille publikasjonane frå Departementenes servicesenter (DSS), e-post: publikasjonsbestilling@ft.dep.no eller nytte bestillingstenesta på nettet: www.publikasjoner.dep.no

Lenkjer:

Stortingsmeldingar

Stortingsproposisjonar

Odelstingsproposisjonar

Odelstingsmeldingar

Utgreiingar

Arbeidsnotat

Statsbudsjett