Finansdepartementet
Finansdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

EU/EØS

Her finn du informasjon om samarbeid i EU og EØS om saker i første rekkje på Finansdepartementets fagområde.

Finansielle tenester: Ein vesentleg del av Finansdepartementets arbeid i tilknyting til utforming av EØS-relevant regelverk er knytt til fagområdet Finansielle tenester. Finansdepartementet og eller/Kredittilsynet er i dag representert i om lag 25 komitear og arbeidsgrupper under EU-kommisjonen. Les meir

Skattar: Sjølv om EØS-avtalen ikkje inneheld reglar om samordning av direkte og indirekte skattar, pålegg avtalen Noreg å gjennomføre same regelverk som EU med omsyn til dei fire fridomane og statsstøtte. Dette set grenser for utforminga av det norske skattesystemet, jf. m.a. arbeidsgjevaravgifta. Talet på direktiv på området for direkte skattar er få. På området for indirekte skattar er omfanget stort. Les meir

Den økonomiske politikken – euro: EØS-avtalen omfattar ikkje samordning av den økonomiske politikken og pengepolitikken. Heller ikkje inngår Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) i avtalen.

Kontaktar med EU-systemet m.m. på politisk nivå:

EFTA- statane sin rett til å delta i EUs regelverksutvikling er i EØS-avtalen avgrensa til ekspertgrupper og komitear under Kommisjonen, jf. omtale under finansielle tenester ovanfor. EØS-avtalen omfattar ikkje deltaking i EUs avgjerdsprosess. EFTA-statane deltek derfor ikkje i vedtaksfasen i Rådet og Europaparlamentet eller i det førebuande arbeidet i arbeidsgrupper og komitear under desse avgjerdsnivåa. For å følgje og påverke saker i vedtaksfasen etter at EU-kommisjonen har sendt forslag over til behandling i Rådets egne førebuande komitear, er det viktig med alliansar og uformelle kontaktar med ulike deler av EU-systemet:

a)      Ei viktig kontaktgruppe er land som vi har samanfallande interesser med, m.a. dei nordiske landa. Dei nordiske finansministermøta har sidan 2001 hatt ”EU/EØS-saker på finans- og økonomiområda” som eit fast punkt på dagsordenen. Det er også nordisk samarbeid om EU/EØS-saker på administrativt nivå.

b)      Utover kontaktar på nordisk plan har Finansdepartementet på politisk og høgt administrativt nivå uformelle kontaktar med EU-systemet der aktuelle økonomisk-politiske saker jamleg blir drøfta.

  • Uformelle finansministermøte mellom EU (Ecofin) og EFTA som blir halde éin gong i året. Det formelle grunnlaget for desse møta ligg i artikkel 46 i EØS-avtalen. Her heiter m.a. at partane – på ein ikkje-bindande måte – kan diskutere den makroøkonomiske situasjonen, politikken og utsiktene.
  • Finansministeren har halvårlege møte med formannskapet i Ecofin.
  • Finansministeren har jamleg møte med dei to mest relevante EU-kommissærane: Kommissæren for skattar, avgifter og den indre marknaden, for m.a. drøfting av aktuelle spørsmål knytt til finansielle tenester og statsstøtte, og kommissæren for økonomiske og monetære spørsmål.
  • Finansråden har årlege møte med formannen og sekretæren i Den økonomiske og finansielle komiteen i EU. På desse møta deltek også sentralbanksjefen.

Sentrale kjelder for informasjon om EU og EØS:

Europaportalen
Europaportalen blei lansert 29. april 2004. Portalen blir redigert av Utanriksdepartementet i samarbeid med dei andre departementa. 

Under Europaportalen finst opplysingar om m.a.

Sist oppdatert: 25. mai 2004