Statens pensjonsfond
Statens pensjonsfond blei oppretta ved lov 20. desember 2005
nr. 123. Statens pensjonsfond er etablert som ei overbygning over Statens petroleumsfond
og Folketrygdfondet. Verksemdene i dei to fonda er vidareført innanfor den nye overbygninga.
Statens pensjonsfond har såleis ikkje eige styre eller eigen
administrasjon.
Fondet
består av Statens pensjonsfond - Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og
Statens pensjonsfond - Noreg (tidlegare Folketrygdfondet). Utanlandsdelen setjast
som innskot på konto i Noregs Bank. Motverdien forvaltast etter nærare reglar
fastsett av Finansdepartementet. Innanlandsdelen setjast som eit kapitalinnskot
i Folketrygdfondet. Motverdien forvaltast etter nærare reglar fastsett av
departementet.
Etter lova har Finansdepartementet ansvaret for
forvaltinga av Statens pensjonsfond. Den operative
forvaltinga av Statens pensjonsfond - Utland er
delegert til Noregs Bank, som plasserer midlane i
samsvar med retningsliner fastsett av Finansdepartementet. Statens
pensjonsfond – Noreg forvaltast av Folketrygdfondet.
Inntekter
i Statens pensjonsfond – Utland er kontantstraumen frå petroleumsverksemda som blir overført frå statsbudsjettet, avkastninga av
fondet si formue og netto finanstransaksjonar
knytt til petroleumsverksemda. Inntekter i Statens pensjonsfond – Noreg er
avkastninga av dei forvalta midlane. Midlane i Statens pensjonsfond kan berre nyttast til ei beløpsmessig overføring til
statsbudsjettet etter vedtak i Stortinget. Stortinget har tidlegare trekt opp
retningsliner for Statens petroleumsfond som tilseier at overføringa
dekkjer det oljekorrigerte budsjettunderskotet slik det blir
anslått i
nysaldert budsjett. Retningslinene for budsjettpolitikken inneber at
det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet over tid skal svare til forventa
realavkastning av kapitalen i utanlandsdelen av Statens pensjonsfond ved
inngangen til budsjettåret. Avkastninga på midlane
i Statens pensjonsfond – Noreg overførast ikkje til statskassa,
men leggjast fortløpande til denne delen av fondet.
Formålet med Statens pensjonsfond er å understøtte statleg
sparing for finansiering av folketrygda sine pensjonsutgifter og underbyggje
langsiktige omsyn ved bruk av statens petroleumsinntekter.
Pensjonsutgiftene i folketrygda vil auke sterkt gjennom dei komande
tiåra. Ei vesentleg fondsoppbygging i åra
framover er nødvendig for å unngå å skyve store byrder over på framtidige
generasjonar.
Kapitalen i Statens pensjonsfond - Utland er i sin heilskap investert i utlandet. Fondet er investert både i aksjar og
i obligasjonar og andre renteberande
verdipapir.
Du kan lese meir om Statens pensjonsfond - Utland ved å
følgje desse lenkjene:
Information
in English
Du finn meir informasjon om Statens pensjonsfond -
Utland på Noregs Bank sine internettsider.