Odin
Odin
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Odins søkjefunksjon

Søkjefunksjonen på Odin søkjer i alle dokument frå Statsministerens kontor og alle departementa viss du ikkje veljer utgjevar.

Enkelt søk

Detaljert søk
Søk etter dokument frå Regjeringa og Stortinget
Korleis finne forarbeida til ei lov

Generelt om søk
Open ending
Kombinasjon av søkjeord
Bruk av boolske uttrykk
Sortering av treffliste


Enkelt søk

Dette er det enklaste, men også det minst presise søket. Skriv søkjeuttrykket i søkjefeltet og klikk på knappen "Søk".


Detaljert søk

Søk etter dokument frå Regjeringa og Stortinget
Korleis finne forarbeida til ei lov


Detaljert søk gjev høve til å søkje på dokument i fulltekst, eller i opplysningar om dokumenta (såkalte metadata). Odin inneheld opplysningar om dokument tilbake til stortingsperioden 1971/72, og dokument i fulltekst tilbake til 1993/94.

Detaljert søk gjev høve til å velje mellom følgande ordfilter:

  • Alle orda: Alle søkjeorda må finnast i dokumentet.
  • Nokre av orda: Minst eitt av søkjeorda må finnast i dokumentet.
  • Eksakt frase: Alle søkjeorda må finnast i nøyaktig same rekkjefølgje i dokumentet.
  • Boolsk uttrykk: Du kan utforme ditt eige søkjeuttrykk med boolske operatorar. Operatorar som er støtta er AND, OR, ANDNOT og RANK.

Avgrensning av søket

  • Søk i tittel avgrensar søket til ord i tittelen til dokumenta. Vel tittel i staden for heile dokumentet.
  • Avgrense søket til dokument utgjevne av eit bestemt departement (utgjevar). Merk: Nedlagte departement er lista opp under den stipla linja.
  • Avgrense søket ved å velje ein bestemt dokumenttype
  • Avgrense søket til bestemte tidsperiodar

Søk etter dokument frå Regjeringa og Stortinget

Her søkjer du i dei dokumenta som inngår i den politiske prosessen mellom Regjeringa og Stortinget, sjå http://www.stortinget.no/om_stortinget/saksgangen.html.

Søke etter eit bestemt dokument frå Regjeringa eller Stortinget

Vel dokumenttype, stortingsperiode og nummer.

Unntak:
NOU
(Noregs Offentlege Utgreiingar)
Skrivst på forma: NOU åååå: nummer. Vel "eksakt frase" og avgrens til søk i tittelfeltet.
Eksempel: NOU 2001: 4

Andre søkjealternativ:
Du kan også søkje i andre tilleggsopplysningar, som for eksempel emneord, saksordførar, utvalsleiar eller stortingskomite. Du må då velje "søk i heile dokumentet" i søkjefeltet.

Følg saka
For å kunne følje saksgangen frå proposisjon eller melding til innstilling i Stortinget eller Odelstinget, og beslutning i Odelstinget eller Lagtinget, klikkar du på Følg
saken

Her kan du blant anna få svar på:

  • Kva som har skjedd med ein NOU
  • Tittel på ei Stortingsmelding
  • Om det har kome ei innstilling til ein proposisjon eller ei melding

Korleis finne forarbeida til ei lov

  • Ved hjelp av sanksjonsdato og lovnummer (gjeld frå stortingsperioden 1994-1995): Når ei lov er sanksjonert vert sanksjonsdato og lovnummer registrert med dokumenttypen Beslutningar frå Odelstinget. Viss du kjenner sanksjonsdato og lovnummer kan du søkje på dette. Marker "Søk i lovforarbeid" og skriv sanksjonsdatoen på forma dd.mm.åååå. Fyll inn lovnummeret i feltet for lovnummer, og vel dokumenttype Beslutningar frå Odelstinget. Du finn dei dokumenta som utgjer lovforarbeida ved å klikke på Følg saken  får du frem de dokumentene som hører til forarbeidene til loven.
  • Ved hjelp av korttittelen til lova kombinert med emneordet "lovforarbeid" (gjeld frå stortingsperioden 1997-1998): Når ei lov er sanksjonert vert emneordet "lovforarbeid" og lova sin korttittel lagt til dei dokumenta som tilhøyrer saka. Søk på desse emneorda og dokumenttype Beslutningar frå Odelstinget. Du finn dei dokumenta som utgjer lovforarbeida ved å klikke på Følg
saken.
  • Peikarar til debattane: Peikarar til debattane i Odelsting og Lagting ligg på dokumenttypane Instillingar til Odelstinget, Beslutningar frå Odelstinget og Beslutningar frå Lagtinget.

Generelt om søk

Open ending
Kombinasjon av søkjeord
Bruk av boolske uttrykk
Sortering av treffliste


Open ending

Vi tilrår bruk av trunkering/open ending. Det vil seie at ein skriv byrjinga av eit ord, og deretter set eit trunkeringsteikn. På Odin er dette teiknet ei stjerne (*).

Eksempel: Søket statsminister* vil finne både statsminister, statsministeren og statsministerens.

Kombinasjon av søketermar

Viss ein skriv fleire søkeord i søkefeltet, må alle søkeorda finnast i eit dokument for at ein skal få treff.

Dette kan ein likevel overstyre ved å sette parantes rund søkeorda. Ein parantes betyr at berre eitt eller fleire av søkjeorda må finnast for å gje treff.

Det er også mogleg å snevre inn søket ved å nytte spesialteikn som + og -.

Eksempel:

+Bondevik –Stoltenberg
finn dokument som inneheld ordet "Bondevik", men ikkje "Stoltenberg".

+statsminister (Jagland Bondevik Stoltenberg)
vil berre gje treff på dokument som inneheld eitt eller fleire av orda Jagland, Bondevik eller Stoltenberg, og som samtidig inneheld ordet statsminister.

Frasesøk: Dette søket brukast når ein ønskjer å søkje på eit uttrykk eller fleire ord i rekkefølgje ved å setje teiknet " foran og bak søkjeuttrykket, for eksempel "statsministerens kontor".

Bruk av boolske uttrykk

AND
For eksempel: Norge AND Konge

Denne operatoren uttrykkjer at alle søkeorda må finnast for å gje treff.


OR
For eksempel: Statsminister OR Konge

Denne operatoren uttrykkjer at eitt eller fleire av søkeorda må finnast for å gje treff.


ANDNOT
For eksempel: Norge AND Konge ANDNOT Sverige AND Danmark

Denne operatoren uttrykkjer at dersom særkilde søkjeord finst i dokumentet, skal dokumentet ikkje inkluderast i resultatet.

Merk: Dette gjeld for alle uttrykk etter ANDNOT, sjølv om det er brukt andre boolske operatorar. Eksempelet uttrykkjer Norge og Konge, men verken Sverige eller Danmark


RANK
For eksempel: Norge RANK Konge

Denne operatoren uttrykkjer det same som OR-operatoren, men legg til verdi for presisjon og relevans i eit søk.

I eksempelet i venstre vert det søkt etter dokument som inneheld ordet Norge eller Konge. Dei dokumenta som inneheld ordet Konge, vert rangert høgare, og vil dermed kome lengre opp på trefflista.

Sortering av trefflista

Trefflista kan sorterast på to måtar: Ut frå relevans (standard) eller dato.

Liknande dokument

For kvart dokument i trefflista er det mogleg å søkje etter liknande dokument.

Utvide søk til liknande dokument utfører det siste søket på nytt, men legg ved informasjon om det valgte dokumentet. Dermed vil det nye søket finne fleire dokument.

Begrense søk til liknande dokument utfører det siste søket på nytt, men legg ved informasjon om det valgte dokumentet. Det nye søket vil bli begrensa til berre dei dokumenta som liknar på det valgte dokumentet, og vil dermed finne færre dokument.

Vise detaljar

Når eit treff i trefflista er merka med forstørrelsesglass Forstørrelsesglass betyr det at dokumentet ikkje finst i fulltekst på Odin. Dokumentet kan finnast i fulltekst andre stadar, for eksempel på www.stortinget.no, eller det kan bestillast i trykt versjon. For bestilling, sjå Bestilling av offentlege publikasjonar.

Du finn lenka til fullteksten ved å klikke på Vis
detaljer.  Her finn du også andre opplysningar om dokumentet, for eksempel namn på utvalsleiar, saksordførar, stortingskomite, emneord, sidetal for behandlinga i Storting i Odelsting, m.m. Merk at dei eldste dokumenta ikkje har lenke til fulltekst.