Nybygget til høgskulen på Kronstad vert meir og meir synleg i landskapet – no er alle etasjane i høgblokka på plass og betongkonstruksjonar reiser seg i alle delar av det enorme bygningskomplekset.
For eit par veker sidan var leiinga ved HiB på synfaring med Statsbygg. Det var inspirerande å sjå korleis nybygget no tek form – kor stor blir Solheims plass, korleis blir inngangspartiet, kor stor blir kultursalen og kva med utsikta frå 9.etasje? Alt dette fekk vi sjå og oppleve, og eg håpar at dei som ynskjer det blant dei tilsette kan få ein slik sjanse dei også. Det er opptil byggjeleiinga i Statsbygg å avgjere om dette let seg praktisk gjennomføre.
Eit par dagar seinare møtte eg kunnskapsminister Tora Aasland då ho deltok på konferansen om kunst- og kulturfaga ved høgskulen. I eit lite møte med ministeren og fylgjet hennar tok eg opp situasjonen med manglande areal på Kronstad. Ministeren kom med viktige avklaringar.
For første gong vart det frå den politiske leiinga i KD uttala at HiB ikkje kan flytte alle studentar og tilsette til nybygget. Bygget er bygd for dei tre store profesjonsutdanningane, og det er kjernefunksjonane som først og fremst må flyttast og samlast på Kronstad, uttalte ministeren. Naudsynt tilleggsareal må høgskulen finne i den bygningsmassen vi disponerar i dag. Og ho sa vidare at tomtearealet nord for byggetomta skal bli sikra for høgskulen sitt utvidingsbehov i framtida.
Som nemnt i eit tidlegare blogginnlegg, ynskjer eg ei styresak om tilleggsareal til styremøtet i desember 2011. I denne saka vil aktuelle alternativ for tilleggsareal bli drøfta. Høgskulen vil truleg trenge 8-10 000 ekstra kvadratmeter. Kva løysing som vert vald vil avhenge av kor godt dei ulike arealalternativa eignar seg og av kostnader. Etter vedtak i Styret, vil arbeidet starte med å finne kva fagmiljø og utdanningar som vil høve best i dette tilleggsarealet. Det bør vere eit mål at dette vert avklart i laupet av våren 2012.


Audun Rivedal
Jan Magnus Bjordal
