Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Kontrollerer myggmiddel

30.05.05 SFT kontrollerer no innhaldet i ulike myggmiddel som finst på marknaden. Kontrollane skal avsløre om myggmidla inneheld meir enn tillaten mengd av det kjemiske stoffet DEET.

DEET
  • DEET (N,N-dietyl-m-toluamid (cas 134-62-3)) er det mest brukte stoffet i myggmiddel i Noreg og i verda elles.  
  • Risikoen for helseskadar hos barn ved bruk av produkt med høge konsentrasjonar av DEET gjer at dei fleste land gir råd om tryggleik.

1. januar i år fekk Noreg nytt regelverk som regulerer innhaldet av DEET i myggmiddel. Frå 1. april er det ikkje lenger tillate å importere og omsetje myggmiddel som inneheld meir enn 20 prosent DEET.

På produkt som inneheld DEET, skal også stå: "Må ikkje brukast på barn under 3 år, og brukast med varsemd på større barn".

Kontrollerer alle ledd

SFT sine tidlegare kartleggingar og kontrollar av myggmiddel har vist mangelfull merking og høgt innhald av DEET. SFT følgjer no opp med å kontrollere importørar, apotek, vaksinasjonsklinikkar og andre verksemder som omset myggmiddel. Formålet er å kontrollere at ingen myggmiddel som blir seld på marknaden, overskrid tillaten DEET-konsentrasjon på 20 prosent og at produkta er riktig merkte.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Tilsyn:  Senioringeniør Britt Endre, seksjon for produkt- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 34 69, e-post:  britt.endre@sft.no         
  • Seksjonssjef Cecilie Kristiansen, seksjon for produkt- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 34 69, e-post: cecilie.kristiansen@sft.no       
  • Regelverk/ DEET:  Overingeniør Vibeke Sømnes, seksjon for kjemikalievurdering
    telefon: 22 57 35 93, e-post: vibeke.somnes@sft.no       
  • Seksjonssjef Eli Vike, seksjon for kjemikalievurdering
    telefon: 22 57 35 83, e-post: eli.vike@sft.no
  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden